Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Handtering av koronasmitte i Sula kommune

Vi har fått ein del spørsmål knytt til korleis utbrot av koronasmitte blir handtert i Sula kommune, spesielt med tanke på informasjon til innbyggjarane.

Slik informerer vi om lokal smitte

Heimesida til Sula kommune blir oppdatert kvar dag med antall smitta.

Det blir gjort ein grundig jobb med sporing av smitte, og alle som kan tenkast å vere berørt blir varsla direkte.  Personar som er smitta blir sette i isolasjon. Personar som har vore i kontakt med dei smitta blir sette i karantene og testa for smitte om dei viser symptom på sjukdom. Personar utan symptom blir  skal normalt ikkje testast, men kan bli testa på spesiell indikasjon vurdert av fastlegen.

Om du ikkje høyrer frå oss betyr det at vi ikkje har grunn til å tru at du har vore i kontakt med personar med påvist smitte.

Utbrot også i framtida

Som ein konsekvens av at samfunnet no opnar opp igjen må ein rekne med utbrot også i framtida. Det er derfor viktig at vi framleis passar på å halde avstand, har god handhygiene og held oss heime om vi er sjuke.

Smitte og testing

Om du har symptom på koronaviruset ber vi om at du tar kontakt med kommunelegkontoret på telefon 70 19 91 60 for å bli testa, du treng ikkje vente i 2 døgn slik som det tidlegare var anbefalt. Kommunelegkontoret testar også personar busett i Sula kommune, men som har fastlege i andre kommunar. Utanom kommunlegekontoret si opningstid skal du kontakte legevakta på 116 117. Du skal ikkje møte opp personleg utan avtale.

Status for utbrotet i pinsehelga

I løpet av pinsehelga vart det klart at 8 personar frå Sula kommune hadde blitt sjuke av koronaviruset. Dei har blitt smitta lokalt. Dei har hatt eit mildt sjukdomsforløp og ingen har hatt behov for innlegging på sjukehus.

Det vart straks sett i gang arbeid med oppsporing av kontakter og desse vart sett i karantene. I alt vart 78 personar i Sula kommune sett i karantene, mellom anna to skuleklasser og ei barnehageavdeling.

Mange har vorte testa, men ingen fleire har fått påvist sjukdomen. Tiltaka har virka og smitten i samband med dette utbrotet, ser ut til å vere under kontroll.

Ryktespreiing

I samband med utbrotet har det versert mange historier om brot på smittevernreglane. Kommunelege Marianne Bjerkevåg og Kommunalsjef for helse, Kjetil Fylling, tilbakeviser dette og seier at dei smitta har oppført seg eksemplarisk og at det ikkje har vore avdekka brot på smittevernreglane.

Vi oppmodar kvar og ein om å forholde seg til fakta og  å ikkje spreie historier som kanskje ikkje er sanne. Slike rykte kan skape unødig frykt og  føre til at folk vert hengt ut.