Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Har du ansvaret for, eller eig ei hamn?

Alle kystkommunar har fått i oppgåve å utarbeide ein felles avfallsplan for småbåthamner og private brygger i kommunen. Planane skal sendes fylkesmannen for godkjenning.

Om du eig, eller har ansvaret for ei hamn ønsker vi at du fyller ut skjema Hamner i Sula kommune.

Sula kommune skal følge opp regelverket for avfallsplaner i hamner ved å lage oversikt over hamner i eigen kommune, og utarbeide felles avfallsplan for hamner som i all hovudsak mottar avfall frå fritidsbåtar. Oppgåva er todelt:

1. Lage oversikt over hamner i kommunen

Kommunen skal lage ei oversikt over alle hamner i eigen kommune og sende denne til fylkesmannen. Lista vert oppdatert og meldt frå til fylkesmannen ved endringar. Vi ber derfor om at alle typar hamner nytter skjemaet til å melde frå. Er du usikker på om det du har ansvar for er ei «hamn», meld heller frå om for mykje enn for lite.

Oversikten skal omfatte følgande typar hamner så langt dei er å finne i kommunen:

  • Kommunale eller interkommunale hamner, for eksempel offentlige trafikkhamner etc.
  • Industrihamner
  • Fiskerihamner
  • Småbåthamner og marinaer
  • Andre private hamner for fritidsbåtar

2. Utarbeide felles avfallsplan for hamner som i all hovudsak mottar avfall frå fritidsbåtar

Kommunen skal utarbeide en felles avfallsplan for småbåthamner og private hamner som i all hovudsak mottar avfall frå fritidsbåtar. Målet er å forenkle arbeidet med avfallsplanane. Felles avfallsplan vert så sendt til  Fylkesmannen for godkjenning. Ein avfallsplan er ei oversikt over korleis hamner handterer avfall. Skjemaet inneheld difor for småbåthamner og private hamner spørsmål om korleis hamna handterer avfallet sitt. For industrihamner, fiskerihamner og kommunale hamner hentar vi berre inn informasjon om kor hamna ligg og kven som har ansvar for den.

Meir utfyllande bakgrunn for arbeidet