Sula kommune

Har du hugsa å bestille time til influensavaksinering?

Helsemyndigheitene fryktar at influensasesongen skal bli ekstra hard i år, og anbefalar at så mange som mogleg å ta vaksinenOm du er i ei av risikogruppene for sesonginfluensa og ikkje har fått tatt vaksinen enno, kan du bestille time hos fastlegen din og få tatt den der. Om du ikkje er i ei risikogruppen kan du bestille time på apoteket.

Kva kostar vaksinen?

Vaksinen kostar 50 kroner for personar i risikogruppene. 

Kven er i risikogruppe?

Helsemyndigheitene oppmodar særleg personar i følgande risikogrupper  om å vaksinere seg:

  • Bebuarar i omsorgsbustadar og sjukeheimar
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsuke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødte barn, særleg barn født før uke 32 i svangerskapet, fra 6 måneder til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma),
    • hjarte- og karsjukdom (anna enn godt regulert høyt blodtrykk),
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
    • nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (f.eks. personar med medfødte kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan stad)

I tillegg anbefales influensavaksine til:

Dei som ikkje er i ei risikogruppe

Om du ikkje er i ei risikogruppe kan du bestille vaksine på apoteket.