Sula kommune

Har du ikkje bestilt time til første dose av koronavaksina enno? Då må du skunde deg!

Er du over 18 år, født i 2003 eller eldre, må du bestille time til første dose av koronavaskina så snart som mogleg. Det vil bli ei pause i vaksineringa i  august, og når vi startar opp att vil dei som skal ha dose 2 bli prioritert.

Sula kommune har 60 ledige timar denne veka og om lag 600 ledige timar neste veke for dei som skal ha første dose av koronavaksina.  Om ikkje desse plassane blir fylt vil vi takke nei til vaksinar i august.

Bestill time for vaksinering her.

Om du ikkje ønsker å ta i mot tilbodet, eller er vaksinert i ei anna kommune, er det likevel viktig at du gir oss beskjed, følg same lenken som for bestilling, der er også eit alternativ for å takke nei. 

Kontakt

Sula kommunelegekontor
E-post
Telefon 70 19 91 60


Adresse:
Stadsnesvegen 9b
6030 Langevåg

Kontortid:
Kvardagar 08:00 – 15:00

Telefontid:
Kvardagar unntatt tysdag 08:30 - 15:00
Tysdag 09:00 - 15:00