Har du ledig bustad til flyktningar?
Sula kommune tar framleis imot flyktningar og treng bustad til desse.
No ventar vi nokre små familiar frå Ukraina i starten av desember. Ein familie består av mor med 1 barn, den andre av mor, far og 1 barn.
Har du ein bustad ledig som du ønsker å leige ut, hadde vi satt stor pris på om du tar kontakt med oss.
Fyll ut skjema for registrering av tilgjengelige bustadar for flyktningar, så hører du frå oss om det er aktuelt.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål.
Sist endra 15.11.2022 11.54