Sula kommune

Haustens naturlosavis er klar

Sunnmøre friluftsråd gir årleg ut to Naturlos aviser - ei om våren og ei om hausten

I Naturlosavisene finn du ei rekke turar som du kan delta på saman med andre og ein naturlos (turleiar). Alle turane er gratis å delta på.

Her finn du avisa for august - desember 2022 (PDF, 7 MB)

Vi kan tipse om følgande turar/aktivitetar 

29. august

Mausavatnet Rundt
Oppmøte: Eikrem ved Mausavatnet.

3. september

#nattinaturen
Friluftslivets veke blir sparka i gang med at heile Norge blir
invitert til å sove ute.

4. september

Kom deg ut-dagen er Norges nasjonale turdag, og blir arrangert av DNT kvar vinter og haust. Familiar og andre som har lyst til å vere med på ein fin utedag blir invitert til turar og aktivitetar i nærmiljøet.
DNT sine medlemsforeiningar stiller med frivillige som hjelper til med aktivitetar, turquiz, råd og tips. Kom deg ut-dagen er også ei fin anledning til å få vite meir om
framtidige turar og aktivitetar i nærområdet.

11. september 

Ordføraren sin tur: Eltrane i Sula kommune

Ordførar Jim-Arve Røssevoll inviterer til ein spennande tur for store og små til Eltrane. Vi skal innom Kjellingset, Flesje og Kalvestad der vil vi få høyre kultur- og krigshistorie på dei ulike merkeplassane. Med forbehald om vêr blir det grilling og is,
og aktivitetar for dei minste. Det vil bli vil demonstrasjon og oppvisning av brannbåten Vilje.
Turtype: Familietur / Kulturminne
Oppmøte: Gamle-butikken på Molvær k. 10.00
Turlengde: 13 km
Est. tidsbruk: 7 timar
Naturlos: Jim-Arve Røssevoll
Arrangør: Sula kommune ved ordførar, kreftkoordinator og folkehelsekoordinator

10. – 18. september

Strandryddeveka 10. – 18. september

Hold Norge Rent inviterer til nasjonal ryddedugnad 10. – 18. september.
2022 er frivillegheita sitt år, og Strandryddeveka er eitt av signalarrangementa.
Strandryddeveka har for mange blitt ein tradisjon som engasjerer.
Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Sjølv små aksjonar bidreg til
opprydding. Under Strandryddeveka bidreg barnefamiliar, venegjengar,
bondelag og fiskerinæringa, friluftsråd, surferar, og mange, mange fleire
til en rein og vakker natur.

Ein treng kun hanskar, gjennomsiktig sekk eller pose og ein plan for
avfallshandtering før ein går ut og plukkar søppel.

  • Det blir oppfordra til rydding langs elvar, innsjøar, strender, holmar, øyar, stiar og i byrommet
  • Planlegg gjerne ryddeaksjonen din på ryddenorge.no Her finn du også oversikt over ditt nærmeste leveringssted for avfall.

Koordinatorar i Møre og Romsdal:

  •  Sunnmøre Friluftsråd, kontakt: malin.fiksdal@friluftsraadet.no
  • Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal ved Runde Miljøsenter, kontakt: Louise@rundecentre.no
  • Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, kontakt: Post@stikkut.no
  • Naturvernforbundet lokalt

Arrangør: Hold Norge Rent