Sula kommune

Helseminister Bent Høie besøkjer Ålesund og Sula kommune tysdag 30. oktober

Helseminister Bent Høie opnar konferanse om pakkeforløp for psykisk helse og rus i Ålesund. Helseministeren sparkar også i gang ein kampanje om organdonasjon på Ålesund sjukehus og vitjar ALV- Møre og Romsdal som jobbar med velferdsteknologi. I Sula kommune besøkjer Høie Sulatunet Bu- og tenestesenter.

Program

Kl. 10.00-11.00: Konferanse om pakkeforløp for psykisk helse og rus

Helseminister Bent Høie opnar konferanse om pakkeforløp psykisk helse og rus som vert innført neste år. Pakkeforløpa skal gi pasientane betre behandling og meir forutsigbarheit.

Adresse: Pinsekirka kurs- og konferansesenter, Vindgårdsvegen 1

Kl. 11.15-12.20: Ålesund sjukehus

På Ålesund sjukehus sparkar statsråden i gong ein kampanje retta mot helsepersonell for å auka kunnskapen deira om organdonasjon. Det ventar til ei kvar tid rundt 450 pasientar på eit nytt organ. For mange av desse pasientane er organtransplantasjon livreddande behandling. Det er viktig at helsepersonell vågar å snakke med pårørande om organdonasjon. Helseministeren møter helsepersonell i Ålesund og Molde som jobbar med organdonasjon og eit foreldrepar som valde å sei ja til organdonasjon då sonen deira brått døyde.

Adresse: Ålesund sjukehus, Åsehaugen 5

Kl. 12.30-14.00: ALV-Møre og Romsdal

ALV-Møre og Romsdal jobbar med å utvikle og spreie velferdsteknologi og innovative løysningar i helsetenesta. Høie får informasjon om fleire av prosjekta deira og møter brukar som har tatt i bruk velferdsteknologi gjennom prosjektet "Jeg kan". Målet med prosjektet er betre fridom, tryggleik og mestring for mennesker med utviklingshemming gjennom bruk av teknologi.

Adresse: Hatlasvingen 56 og Larsgårdsveien 2

Kl. 14.30-15.45: Sulatunet Bu- og tenestesenter
Statsråden besøkjer Sulatunet Bu- og tenestesenter, der han møter forbetringsteamet for gode pasientforløp for eldre og kronisk sjuke. Forbetringsteamet jobbar for at overgangen mellom sjukehus og kommunen skal bli best mogeleg. Høie møter også pasientar som vil fortelja om sine erfaringar.
Adresse: Stadsnesvegen 23

Pressa er velkomen til å delta. Statsråden er tilgjengeleg for intervju.
Kontakt kommunikasjonsrådgiver Alexandra Tufteland på 986 35 115

Fann du det du leita etter?