Sula kommune

Høgt smittetrykk kan gi reduserte kommunale tenester

Dei siste vekene har vi hatt mykje smitte i Sula kommune og det er forventa eit stort smittetrykk også framover. Det vil kunne få konsekvensar for tenestetilbodet.

Helse og omsorg

Det vil vere høg terskel for å gjere endringar i tenestetilbodet i Sula kommune, men vi har laga planar for kva tiltak som skal settast inn om sjukefråveret blir så høgt at det blir nødvending, seier kommunalsjef for helse Kjetil Fylling

Følgande tiltak kan bli nødvendige innan helse og omsorg

  • Omprioritere og flytte personale mellom avdelingar/einingar
  • Meir bruk av overtid
  • Redusere dagtilbod
  • Vurdere bruk av frivillige og pårørande der det er mogleg

Skular og barnehagar

I Sula kommune vil vi strekke oss langt for å unngå å stenge skular og barnehagar heilt eller delvis. Alle andre moglegheiter skal vere prøvd først, seier kommunalsjef for oppvekst Hildegunn Pedersen

Følgande tiltak kan bli nødvendige i barnehage og skule

  • slå saman grupper/klasser/avdelingar.
  • Dei som kan, blir oppmoda om å hente tidlegare i barnehage eller SFO.
  • Avkorte/ta bort tilbod om spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning.
  • Innføre kortare opningstid i barnehage og SFO.
  • Heimeundervisning for enkelte klasser anten heile eller deler av skuledagen.

Barn av foreldre/føresette i samfunnskritiske funksjonar, samt barn og unge med særskilte omsorgsbehov, skal likevel alltid ha eit tilbod i barnehage, skule og SFO.