Sula kommune

Hovudopptak til barnehagane

01. januar opnar hovudopptaket for barnehagane i Sula kommune.  Om du ønsker barnehageplass frå august 2023, må du søke innan 1. mars. Søknadar som kjem inn etter dette, blir behandla ved supplerande opptak. Om du allereie har sendt inn søknad om barnehageplass for neste år, treng du ikkje søke på nytt.

Sula kommune har full barnehagedekning fordelt på 4 kommunale og 4 private barnehagar. Det er felles søknadsportal for kommunale og private barnehagar.