Sula kommune

Influensavaksinering 2022

Det er foreløpig ikkje planlagt fleire dagar med massevaksinasjon mot influensa i Sula kommune, men om etterspurnaden blir stor kan det bli aktuelt å sette opp ein dato i desember. Inntil vidare må du ta kontakt med fastlegen din, eller kommunelegekontoret for å få vaksine.

For barn og unge under 18 år blir det vaksinering på Helsestasjonen tysdag 08. november - hugs å bestille time på 70 19 91 36.

Kva kostar vaksinen?

Influensavaksinen kostar 150,00 kroner 

Kven er i risikogruppe?

Helsemyndigheitene oppmodar særleg personar i følgande risikogrupper  om å vaksinere seg:

  • Bebuarar i omsorgsbustadar og sjukeheimar
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsuke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødte barn, særleg barn født før uke 32 i svangerskapet, fra 6 måneder til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma),
    • hjarte- og karsjukdom (anna enn godt regulert høyt blodtrykk),
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
    • nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (f.eks. personar med medfødte kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan stad)

I tillegg anbefales influensavaksine til:

Influensavaksine til barn og unge

Om du er/har barn eller ungdom i risikogruppe, kan du bestille influensavaksine til barnet ditt med oppmøte på

Meir informasjon om influensavaksine til barn og unge

Dei som ikkje er i ei risikogruppe

Om du ikkje er i ei risikogruppe kan du få resept hos fastlegen, eller du kan bestille vaksine på apoteket.

Kontakt

Sula kommunelegekontor
E-post
Telefon 70 19 91 60


Adresse:
Stadsnesvegen 9b
6030 Langevåg

Kontortid:
Kvardagar 08:00 – 15:00

Telefontid:
Kvardagar unntatt tysdag 08:30 - 15:00
Tysdag 09:00 - 15:00