Sula kommune

Informasjon om bruk Janssen-vaksinen i Sula kommune

Janssen-vaksinen er ikkje ein del av vaksinasjonsprgrammet. Helsedirektoratet og Legeforeningen anbefalar ikkje bruk av denne vaksinen. Legane i Sula har valt å å følge anbefalinga om å ikkje tilby slike konsultasjonar.

Begrunning

I Noreg er smitterisikoen så låg at Helsedirektoratet meiner at risikoen for alvorlege biverknader av Janssen-vaksinen er større enn fordelane ved å ta vaksinen.

Alle får snart vaksine i det vanlege vaksinasjonsprogrammet

I følge Folkehelseinstituttet sine berekningar vil alle over 18 år får tilbod om minst éin vaksine i vaksinasjonsprogrammet i løpet av sommaren 2021. Det vil derfor kun vere nokre veker å spare på å ta Janssen-vaksinen, sjå FHIs vaksinasjonskalender

Status i Sula kommune

I Sula kommune har alle som er født i 1976 eller tidlegare,  fått SMS med beskjed om at dei er prioritert for koronavaksinasjon. Det vil sei at alle i målgruppgruppe 9, personar i alder 45 - 54 år, no har fått tilbod om vaksine. Helseavdelinga reknar med å starte vaksineringa av  målggruppe 10, alder 18-24 år og 40-44 år, allereie i slutten av juni.

Det er ikkje lenger slik at helseavdelinga ringer deg om du ikkje responderer på SMS'en. Du er sjølv ansvarleg for å bestille time. Du vil ligge som prioritert, og ha moglegheit til å bestille time, heilt til du har bestilt time eller takka nei.

Bestill time for vaksinering her.

Koronavaksine og sommarferie

Koronavaksineringa vil foregå også i den perioden dei fleste av oss har sommarferie. Ta i mot tilbodet om vaksine, sjølv om timen du får kanskje ikkje er optimal i forhold til andre ting du har planlagt. Til raskare vi får  vaksinert befolkninga - til raskare kan vi alle få tilbake ein meir normal kvardag. Så vi ber deg ta ein for laget, og prioritere å vaksinere deg.

Slik bestiller du time/takkar nei

Du må vere i prioritert målgruppe før du kan bestille time. Du vil få ein SMS frå c19.no når det er din tur.  Å bestille time/takke nei er fort gjort, det tar knappast 5 minutt. Du berre følger lenken i SMS’en. Det einaste du treng er BankID eller liknande for logge deg på. Om du får problem kan du kontakte servicetorget på 70 19 91 00.

Du kan også bestille time til andre som har fått melding om at dei er prioritert, men som av ulike grunnar synes det er vanskeleg å bestille time sjølv.