Sula kommune

Informasjon om koronaviruset

Koronaviruset covid-19 er ein ny type virus som kan gi luftvegsinfeksjon hos menneske. I mange tilfelle har viruset berre ført til mild sjukdom, men det vert også rapportert om tilfelle av alvorleg sjukdom og død.

Det er liten grunn til å uroe seg for viruset no, og det er ikkje meldt om smittetilfelle i Noreg. Sula kommune følgjer likevel situasjonen nøye og er førebudd på at viruset også kan kome hit.

For å hindre spreiing av smitte kan kvar og ein av oss følgje nokre enkle råd: Bruk papirlommetørkle som du kastar etter bruk når du må hoste/nyse. Har du ikkje lommetørkle tilgjengeleg kan du hoste/nyse i olbogekroken. Ver nøye med handhygienen: Vask hendene ofte og grundig med såpe og vatn, spesielt når du har vore ute blant folk. Om du ikkje har høve til å vaske hendene med såpe og vatn kan du bruke alkoholhaldig desinfeksjonsmiddel.

Dersom du trur eller har mistanke om at du er smitta av koronaviruset skal du straks ringe legekontoret på telefonnummer 70 19 91 60. Kveld, natt og helg kan du ringe legevakta på telefonnummer 116 117. Det er viktig at du ikkje møter på legekontoret utan å ha ringt først slik at du unngår å utsetje andre for unødvendig smittefare.

Bedrifter med tilsette som er mykje på reisefot må vere ekstra oppmerksame i tida framover. Sørg for at dei tilsette er godt informert om situasjonen, kva dei kan gjere for å redusere risikoen for å bli smitta, og kva dei skal gjere dersom dei trur dei er smitta. Vurder å utsetje reiser til område med smitteutbrot. Vurder å henge opp plakatar på arbeidsplassen om vanar som førebyggjer smitte (lenke under). Les også informasjonsskrivet frå Folkehelseinstituttet til personar som jobbar i kontakt med reisande (lenke under).

 

Her finn du lenker til gode ressurssider hos folkehelseinstituttet:

Folkehelseinstituttet - Temaside om koronavirus

Møter du personar som nyleg har vore i område med risiko for smitte med nytt koronavirus?

Plakat - Vanar som førebyggjer smitte