Sula kommune

Informasjon om nytt felles reinseanlegg for kommunane Sula og Ålesund

Norconsult AS varsla på vegne av Sula kommune om utvida planområde i brev datert 20.06.19. Det kom inn 25 merknader i samband med dette.

Fellesnemnaren for merknadene er etterlysing av informasjon. Vi har tatt dette til etterretning og i samarbeid med Norconsult AS har vi no lagt ut informasjon om prosjektet på ei eiga side.

I og med saka er under arbeid, vil også denne sida vere det, vi fyller på med nye saksframlegg, rapportar med meir etter kvart.

Vi håper at du finn informasjonen nyttig, og at du finn det du leitar etter, men saknar du noko vil vi gjerne at du melder frå til oss.

I tillegg er det sendt ut brev til alle partar som er berørt av planomrisset. (PDF, 154 kB)

Kontakt

Servicetorget
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

 

Opningstider: Måndag - fredag: 08:00-15:30