Sula kommune

Situasjonen i Ukraina og jodtablettar

På grunn av situasjonen i Ukraina har Helsedirektoratet bedt kommunane ha beredskap for distribusjon av jodtablettar. 

Situasjonen i Ukraina

Direktoratet for strålevern og atomsikkerthet (DSA) følger situasjonen nøye. I følge dei er det, på grunn av den store geografiske avstanden til Ukraina, lite sannsynleg at det blir nødvendig å ta jodtablettar i Noreg.

 Oppdatert informasjon om situasjonen i Ukraina (DSA) 

Jodtablettar

Kommunane er ansvarleg for å dele ut tablettar til alle under 18 år, gravide og ammande. Sula kommune har nok tablettar til desse gruppene, og planar for korleis vi skal distribuere dei om det blir nødvending. Meir informasjon om korleis ei eventuell utdeling vil skje vil kome seinast måndag, tidlegare om det skulle bli nødvending.

Alle skular og barnehagar i Sula har jodtablettar tilgjengeleg til barna som oppheld seg der. Om barnet eller ungdommen ikkje har fylt 16 år, må føresette samtykke til at dei tar jodtablett. Samtykkeskjema er under produksjon, og vil vere klart over helga.

Uavhengig av situasjonen i Ukraina anbefalar DSA alle under 40 år å ha jodtablettar liggande heime. Tablettane kan beskytte mot radioaktivt jod, og skal berre takast etter råd frå myndigheitene. Jodtablettar kan kjøpast reseptfritt på apoteket.

Les meir om kva du er anbefalt å ha i beredskap (DSO)

Informasjon frå nasjonale myndigheiter