Sula kommune

Informasjonsmøte om gondolprosjektet

Onsdag 24. februar kl 18:00 vert det informasjonsmøte om prosessen knytt til gondolprosjektet. Du kan følgje møtet på Sula kommune si facebook-side.

Klikk for stort bileteOrdførar Jim Arve Røssevoll vil saman med Terje Havnegjerde, leiar for Plan, bygg og oppmåling, informere om prosessen vi går inn i knytt til gondolprosjektet, og om saka som skal opp i planutvalet 3. mars. Møtet vert gjennomført digitalt, men alle som er interessert kan følgje møtet på kommunen si facebook-side. Representantar for "Vern om Sula" samlar inn spørsmål frå innbyggjarar i forkant av møtet som dei skal få svar på. Du kan også sende spørsmål til frosyn@sula.kommune.no. Bruk emnetittel "Spørsmål til informasjonsmøte". Sjåarar vil også kunne stille spørsmål i sendings-chatten.

Vi gjer merksam på at vi ikkje vil kunne svare på alle spørsrmåla direkte i sendinga, men vil forsøke å gi eit godt svar til alle i etterkant . Vi ønskjer oss sjølvsagt ein sakleg diskusjon med fokus på prosessen.

Sula si facebook-side finn du her (du kan sjå sendinga sjølv om du ikkje har konto): Sula kommune | Facebook