Sula kommune

Smittestatus i Sula kommune

Siste smittetilfelle meldt torsdag 18.02.21

Det er no 1 smitta i isolasjon og 1 nærkontaktar i karantene. Totalt har 130 personar i Sula kommune vore smitta sidan mars. Informasjonen er oppdatert 26.02.21.

Sula kommune fekk melding om eit nytt smittetilfelle torsdag 18.02.21. Vedkomande er nærkontakt til ein tidlegare smitta, det er ingen nye nærkontaktar.  Dei smitta  har lette symptom.

Det er no 3 smitta isolasjon og 7 nærkontaktar i karantene, totalt har 130 personar i Sula kommune vore smitta sidan mars. 

Sula kommune fekk i kveld melding om to nye smitta, begge har lette symptom. Dei to smitta er frå same husstand. 4 nærkontakter er kontakta og sett i karantene.  Smittekjelda er foreløpig ukjent.  Der er ingen sikker relasjon til dei andre smittetilfella vi har hatt den siste tida.

Totalt er no 6 smitta isolasjon og 11 nærkontakter i karantene. Totalt har 129 personar i Sula kommune vore smitta sidan mars. 

Ålesund kommune fikk melding om eit nytt smittetilfelle i går, vedkomande arbeider på ei bedrift i Sula Kommune og bur her midlertidig.

Nærkontakter er sett i karantene, dei er ikkje busett i Sula kommune.

Smittevegen er ukjent, smittesporingsteama i kommunane Ålesund og Sula samarbeider om kartlegging.

 

Sula kommune fekk i ettermiddag melding om at ein ny person har testa positivt for korona. Vedkomande er nærkontakt til ein tidlegare smitta, det er ingen nye nærkontakter.  Den smitta  har lette symptom.

Det er no 9 smitta i isolasjon og 14 nærkontakter i karantene. Totalt har 126 personar i Sula kommune vore smitta sidan mars.

 

Sula kommune fikk laurdag melding om eit nytt smittetilfelle knytt til utbrotet ved Waterline. Vedkomande satt allereie i karantene, det er ingen nye nærkontakter.

Totalt er no 8 i isolasjon og 14 nærkontakter i karantene.

Kommuneoverlegane i Ålesund og Sula fekk tysdag kveld og onsdag morgon meldt om to positive tilfelle av Covid-19. Smitta er knytt til fiskeforedlingsbedrifta Waterline AS på Eidsnes i Sula. Etter smittesporing fann ein ikkje smittekjelda, og kommuneoverlegen i Sula valde å teste alle tilsette og medlemmar husstandane til dei som testa positivt

Sula kommune fekk i dag melding om at ein person har testa positivt for Korona. Vedkommande har lette symptom og sit i isolasjon.

Sula kommune fikk 25.01.21 meldt ein ny person som testa positivt. Vedkomande er gjestearbeidar frå austeuropa og vart testa i grensekontrollen.

Personen er symptomfri og er sett i isolasjon. Han vert testa på nytt og følgast opp av helsetenesta. Det er ikkje registrert nærkontakter.

Sula kommune fikk i kveld beskjed om at ein ny person har testa positivt for Covid-19. Testen vart tatt ved testasjonen i Ålesund i går. Vedkomande kom nyleg frå Polen, åleine i bil. Ingen nye nærkontakter.

Sula kommune fikk i ettermiddag melding om at ein ny person har testa positivt for Covid-19. Vedkomande satt i innreisekarantene og er no isolert. Smittesporing er utført. 2 nærkontakter er identifisert og sett i karantene.