Sula kommune

Lokal forskrift - reglar og råd - korona

Oppdatert 14. april: Kriseleiinga i Sula kommune har i møte i dag, onsdag 14. april, bestemt at den lokale forskrifta opphøyrer med umiddelbar virkning.

Oppdatert 08. april: Kriseleiinga i Sula kommune har i møte torsdag 08. april bestemt å vidareføre den lokale forskrifta til og med onsdag 14. april. Det vart samtidig bestemt at skulane skal fortsette på raudt nivå i same perioden. 

Kriseleiinga i Sula kommune vil vurdere saka på nytt i møte onsdag14. april.

Forskrifta er fastsett av kriseleiing i Sula kommune, bakgrunn og saksutgreiing finn du her. (PDF, 159 kB)

Ålesund, Sula og Giske er ein tett bu- og pendlarregion. Det er derfor viktig å ha same tiltaksnivå for å motverke koronaviruset. 

Der det er motstrid mellom nasjonale reglar og tilrådingar og lokale reglar, vil det vere dei strengaste reglane som gjeld.

Den lokale forskrifta for Ålesund, Sula og Giske gjeld som før med unntak av nye nasjonale reglar som gjeld bisettingar og gravferder:  

I bisettingar og gravferder er det lov med 50 personar når det blir brukt faste tilviste plassar.

Under finn forskrift - som er reglar som SKAL følgast, og anbefalingar som helsemyndigheitene og styresmaktene meiner vi BØR følge. 

Forskrift

Førebels forskrift om tiltak for å førebygge koronasmitte(Covid-19) i Sula kommune i Møre og Romsdal

Heimel: Fastsett av kriseleiinga i Sula kommune med heimel i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer (smittevernloven) § 4-1 i samsvar med krisefullmakt frå Sula kommunestyre til kriseleiinga i sak 57/19.

§ 1. Formål

Formålet med forskrifta er å hindre eller avgrense spreiing av SARS CoV-2 i ein periode med sterk auke i smittetal og spreiing av mutant virusvariant i lokalsamfunnet.

§ 2. Virkeområde

Forskrifta gjeld for alle som oppheld seg i Sula kommune.

§ 3. Forhold til anna lovverk

Reguleringa i dette vedtaket kjem i tillegg til dei reguleringar som følgje av lov, nasjonale forskrifter og andre lokalt fastsette tiltak mot smitte. Ved motstrid mellom denne forskrift og nasjonalt regelverk, går forskrifta framfor fråvikelege reglar i lov og nasjonal forskrift.

§ 4. Stenging av verksemder

Følgande verksemder og stader skal halde stengd:

a. Treningssenter, likevel slik at følgande tilbod kan halde opent:

  1. Rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper med arrangør.
  2. Individuell trening og behandling som det kan bestillast time til.

b. Symjehallar, badeland, spa-anlegg, hotellbasseng og liknande, likevel slik at følgande tilbod kan halde opent:

  1. Skolesymjing, organiserte symjekurs og organisert symjetrening for personar under 20 år og symjing for profesjonelle utøvarar.
  2. Rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper med arrangør.
  3. Annan individuell behandling som det kan bestillast time til og der bad er ein del av behandlinga.

c. Fornøyelsesparkar, bingohallar, spelehallar, leikeland, bowlinghallar og tilsvarande stader.
d. Museum.
e. Kino, teater, konsertstader og tilsvarande kultur- og underholdningsstader.
f. Andre offentlege stader og verksemder der det skjer kultur-, underhaldnings- eller fritidsaktivitetar som samlar menneske innandørs.

Offentlege stader og verksemder der det skjer organiserte kultur-, idretts- og fritidsaktivitetar kan halde opent for barn og unge under 20 år, utandørs aktivitet for vaksne og organisert trening innandørs og utandørs for toppidrettsutøvarar.

§ 5. Forbod mot gjennomføring av arrangement.

Det er ikkje tillate å gjennomføre arrangement, jf. § 13Definisjon av arrangement i Covid-19 forskrifta, med unntak av livssynssamlingar og seremoniar i trus- og livssynshus, inkludert seremoniar ved bryllaup, gravferder, bisettingar, dåp og konfirmasjon. Covid-19 forskrifta § 13aAntall personar som kan vere til stade på eit arrangement i Covid-19 forskrifta gjeld, likevel slik at det på anna arrangement enn gravferd eller bisetting ikkje kan vere meir enn 20 personar til stade når alle i publikum har faste, tilviste sitteplassar.

I gravferder og bisetting er talet på dei som kan vere til stade, max 100 personar. (Her vil nasjonale reglar vere strengare og difor vere dei som gjeld - altså 50 personar)

Digitale arrangement med maksimalt fem personar til stade, i tillegg til utøvarar og anna nødvendig produksjonspersonell, er tillate.

§ 6. Påbod om heimekontor

Arbeidsgivarar skal sørge for at tilsette arbeider heimanfrå så langt det er praktisk mogleg. Arbeidsgivarar skal kunne dokumentere at det er gitt beskjed til dei tilsette om korleis dette skal gjennomførast i verksemda.

§ 7. Skjenkestopp

Serveringsstader som har skjenkebevilling etter alkoholloven kapittel 4 og 5 skal ikkje utøve skjenkebevillinga.

§ 8. Opplærings- og utdanningsinstitusjonar

Universitet, høgskolar og fagskolar skal halde sine lokale stengde for elevar og studentar slik at undervisninga skjer digitalt. Tilsvarande gjeld lokale som blir brukt ved opplæring eller undervisning til personar over 20 år i grunnskole, til vaksne i vidaregåande skole og til vaksne i opplæring etter introduksjonsloven eller integreringsloven, til kursaktivitet under studieforbund og til Kompetanse pluss. Bibliotek og lesesalar i lokala kan likevel vere opne.

Institusjonane kan gjere unntak frå kravet i første ledd dersom tilgang til lokala er avgjerande for studentar som er avhengige av forsøk eller ferdigheitstrening som ikkje kan gjennomførast digitalt, og det er nødvendig for å oppretthalde progresjonen i studiet. Dette gjeld ikkje studieforbund og Kompetanse pluss.

§ 9. Stans av idretts- og fritidsaktivitetar

Det er ikkje tillate å organisere idrettsaktivitet innandørs for personar over 20 år. Det same gjeld fritidsaktivitetar som organiserte øvingar, trening og prøver for kor, korps og teater. Organisert trening for profesjonelle toppidrettsutøvarar innandørs er likevel tillate.

§ 10. Plikt til å bruke munnbind

Når det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand, ut over kortvarige passeringar til andre enn husstandsmedlemmar, skal det brukast munnbind i butikkar, i fellesareal på kjøpesenter, på serveringsstader, i trus- og livssynshus, på kollektivtransport og innandørs stasjonsområde, og i lokale for kultur-, sports- og fritidsaktivitetar.

Passasjerar skal bruke munnbind i taxi. Munnbindet skal takast på før passasjeren set seg inn i taxien, og skal ikkje takast av før reisa er avslutta og passasjeren har gått ut av taxien. Plikt til å bruke munnbind gjeld tilsvarande for sjåfør når det er passasjer i taxien.

Plikta til å bruke munnbind i første ledd gjeld tilsvarande for tilsette på stader der det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand frå besøkande. Dette gjeld ikkje tilsette på stader der det er sett i verk andre tiltak mot smitte for dei tilsette som bruk av visir, skiljeveggar o.l. i samsvar med Folkehelseinstituttets tilrådingar.

Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsakar ikkje kan bruke munnbind.

§ 11. Ansvar

Sula kommune tar ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagde tiltak.

§ 12. Straff

Forsetteleg eller grovt uaktsam overtreding av reglane i denne forskrifta, straffast i samsvar med smittevernloven § 8-1.

§ 13. Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft 21.mars kl. 24.00 og gjeld fram til 11.april kl. 24.00.

Anbefalingar frå regjeringa og kommunane

Dei nye nasjonale anbefalingane for å hindre koronasmitte gjeld frå frå midnatt natt til torsdag 25. mars og inntil vidare. Det blir gjort ei ny nasjonal vurdering innan 12. april. Alle bør følge anbefalingane, sjølv om dei ikkje er fastsett i forskrift.

  • Ein-meteren blir no til to-meteren. Dei som du til no har halde minst ein meters avstand til, må du frå no av halde minst to meters avstand til.
  • Regjeringa tilrår maks to gjestar på besøk.
  • Hvis du kjem frå eit område med høgt smittenivå (Ålesund har aukande smittenivå), bør du verken dra på overnattingsbesøk eller ha overnattingsbesøk. Dei som bur åleine og barn og unge under 20 år kan ha overnattingsbesøk av ein til to faste vener.
  • Du bør avgrense sosiale kontaktar mest mogleg.
  • Regjeringa anbefaler bruk av munnbind på alle stadar der det ikkje er mogleg å halde to meters avstand. Ålesund, Sula og Giske har ein regel om at du skal ha munnbind om du ikkje klarer å halde ein meters avstand og støttar anbefalingane frå regjeringa.
  • Regjeringa rår folk til å berre bruke kjøpesenter og varehus i heimkommunen.
  • Vi anbefaler at alle reiser som ikkje er nødvendige blir utsett med desse unntaka:
    • Reiser til arbeid når det ikkje er mogleg med heimekontor.
    • Reiser heim til familien for studentar utan familie der dei studerer.
    • Reiser til hytte saman med eigen husstand.

Idretts- og fritidsaktivitetar

  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt. Dei er unntatt frå anbefalinga om ein meters avstand når det er nødvendig for å drive med aktiviteten.
  • Utandørs kan vaksne drive organisert trening hvis det er mogleg å halde god avstand.
  • Toppidrettsutøvarar kan trene som normalt, både utandørs og innandørs.
  • Toppidrettsarrangement blir tillatt, med unntak av seriespel som det framleis er anbefalt blir utsett også for toppidretten. Det gjeld også treningskampar mot andre lag utanfor eigen klubb. Dette gjeld også i idrettar som er utanfor sesong, som fotball. Arrangementa blir anbefalt utsett for å avgrense mobilitet og sosial kontakt.

Reiser

  • Reiser til utlandet er ikkje anbefalt.
  • Unngå unødvendige reiser innanlands.
  • Du kan reise på hytte eller hotell innanlands, men unngå kollektivtransport hvis det er mogleg.
  • Personar som reiser til kommunar med mindre strenge tiltak bør som ein hovudregel følge anbefalingane som gjeld i kommunen dei bur i til vanleg.

 

Information in other languages

Pressekonferanse

Søndag 21. mars klokka 14.00 hadde Ålesund, Sula og Giske ein felles pressekonferanse der forskriftene og tilrådingane blei gått gjennom. Det var også mogleg for media å stille spørsmål.