Sula kommune

Hjelp til å handle mat og andre varer

Hjelp til handling

Sula frivilligsentral tilbyr hjelp til handling av daglegvarer, apotekvarer, ved eller andre ting for deg som måtte trenge det i Sula kommune.

Praktisk løysast dette slik:

Du ringer eller skriv inn handlelista di til 918 60 659 eller e-post: sulafrivilligsentral@mimer.no

Oppgi namn og adresse. Frivilligsentralen sender då faktura i etterkant, utan ekstra kostnad for deg. Varene vert levert på trappa di, og det vert nytta hanskar under handlinga. All di kontakt med Frivilligsentralen vil vere gjennom telefon eller e-post.

Frivilligsentralen håper dette kan vere med på å lette utfordringane vi har knytt til koronapandemien.