Besøksrestriksjonane i helse- og omsorgsbustadar er eit tiltak for å hindre at ein får smitte inn på institusjonane. Dette for å hindre at den enkelte brukar vert sjuk, men også for å hindre smittespreiing til dei andre bebuarane og personalet. Dette er eit omsyn som veg tungt då vi veit at mange brukarar er i risikogruppa for alvorleg sjukdom ved smitte av Korona.
Vi viser til Helsedirektoratet sin veileder av 15.03.2020 der denne anbefalinga er presisert:
Alle helseinstitusjonar skal innføre adgangskontroll og besøksstans
For å verne sårbare pasientar og brukarar mot smitte er det nødvendig med adgangskontroll og alminneleg besøksstans i alle landets offentlege og private helse- og omsorgsinstitusjonar, samt i fellesareal i omsorgsboligar mv. Tiltaka må omfatte alle besøkande, inkludert pårørande til bebuarar og pasientar, frivillige hjelparar og andre som leverer tenester og bidrar med aktivitetar ved institusjonen.
Oppmoding
Vi er klar over ulempene restriksjonane kan påføre brukarar og pårørande. Mange tenestemottakarar vil oppleve at tenestetilbodet blir redusert for ein periode. Det vil vi beklage og samstundes ber vi om forståing for at dette er naudsynt for å beskytte og ta vare på dei mest sårbare av innbyggarane våre.
Meir om enkelte einingar/avdelingar
Sulatunet:
Det blir ført besøksprotokoll og i hovedsak får bebuerane besøk av nære pårørande. Desse skal ikkje opphalde seg i fellesareal, men gå rett til bustaden til den dei skal besøke.
Besøkande må være friske og rette seg etter generelle smittevernreglar og 1 m avstand. Pårørande kjem til avtalt klokkeslett. Dei blir møtt av personalet.
Molværsvegen 15/17/19 og Sloghaugvegen 28:
Det blir ført besøksprotokoll og i hovedsak får bebuerane besøk av nære pårørande. Desse skal ikkje opphalde seg i fellesareal, men gå rett til bustaden til den dei skal besøke.
Besøkande må være friske og rette seg etter generelle smittevernreglar og 1 m avstand. Pårørande kjem til avtalt klokkeslett. Dei blir møtt av personalet.
Molværsvegen 11:
Det blir ført besøkslogg og i hovedsak har bebuerane besøk av nære pårørande . Desse oppheld seg ikkje i fellesareal, men går rett til bustaden til den dei skal besøke. Besøkande må være friske og rette seg etter generelle smittevernreglar.