Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Kommunelegekontoret i Sula

Grunna situasjonen med koronaviruset og smittefaren har Kommunelegekontoret i Sula lagt om rutinene sine.

  • Ingen skal møte på legekontoret utan å ha vore i telefonisk kontakt på førehand, helst same dag. Telefon 70 19 91 60
  • Personalet på kommunlegekontoret er delt i to grupper som kvar er på jobb ei veke om gongen. Den gruppa som ikkje er fysisk til stades på kontoret vil kunne foreta konsultasjonar på data, telefon og liknande

Tiltaka er innført for å skjerme pasientar og dei tilsette frå smitte slik at vi kan oppretthalde eit kommunalt legetilbod.

Vi har opplevd at enkelte ikkje respekterer reglane. Ein konsekvens av dette vil kunne vere at det blir satt opp vakthald ved inngangsdøra til kommunelegekontoret.

Besøklegen

På Besøklegen.no kan du bestille ein eKonsultasjon og motta eBrev (elektronisk brev) frå legen, du kan også fornye respetar og kontakte resepsjonen på kommunelegekontoret. 

Du vil få beskjed på SMS eller e-post når saka di har blitt behandla, eller dei ringer deg tilbake.

Om du skal bruke eKonsultasjon, eller lese eBrev må du logge deg på med BankId. 

Om du treng hjelp til dette kan du ringe servicetorget på 70 19 91 00.

Kontakt

Sula kommunelegekontor
E-post
Telefon 70 19 91 60


Adresse:
Stadsnesvegen 9b
6030 Langevåg

Kontortid:
Kvardagar 08:00 – 15:00

Telefontid:
Kvardagar 09:00 - 15.:00