Kven har høg risiko for å bli alvorleg sjuk?
Du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona viss:
- Du har alvorleg immunsvikt. Til dømes fordi du har beinmargskreft eller lymfekreft og får medisinar som slår ut immunforsvaret.
- Du er over 65 år, du har ikkje fått vaksine dei siste seks månadene, og du har ein alvorleg kronisk sjukdom.
- Du er over 80 år.
- Du er over 50 år og har aldri har tatt koronavaksine.
Meir informasjon om kven som har høg risiko og kva du skal gjere viss du blir sjuk finn du på Helsenoreg
Råd som gjeld for dei med høg risiko
Luftvegssymptom er først og fremst tett nase, hoste og sår hals. Ofte har du og feber eller
vondt i hovudet.
- Du bør ta ein sjølvtest kvar dag - i inntil fire dagar.
- Er testen positiv kan du kontakte fastlege som vurderer om du er aktuell for behandling.
- Viss testen ikkje viser at du har korona, kan du vente med å kontakte fastlegen.
- Viss symptoma blir verre, bør du kontakte lege, sjølv om sjølvtesten ikkje viser at du har korona.
Her kan du få utdelt hurtigtestar
Servicetorget
1. etasje på rådhuset, Sloghaugvegen 13 i Langevåg. Opningstidene er måndag - fredag 08:00 - 15:30
Kommunelegekontoret
2. etasje i Stadsnesvegen 9b i Langevåg. Opningstidene er måndag - freda 08:00 – 15:00
Biblioteket
2. etasje i Fyllingvegen 11 (same bygg som Bunnpris i Langevåg)
Opningstider
- Måndag 11:00 - 19:00
- Tysdag 11:00 - 15:00
- Onsdag 11:00 - 15:00
- Torsdag 11:00 - 19:00
- Fredag 11:00 - 15:00
- Laurdag 11:00 - 14:00
Hurtigtestar til bruk i samband med reise skal du kjøpe på apoteket
Behandling av korona med tablettar
Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det vere aktuelt at du får
behandling med tablettar. Tablettane, som heiter Paxlovid, reduserer risikoen for å bli alvorleg sjuk.
Det er viktig at behandlinga med tablettar startar tidleg. Viss du har høg risiko for å bli
alvorleg sjuk og får luftveissymptom, bør du teste deg for korona med hurtigtest kvar dag i fire dagar.
Kven vil ha nytte av tablettar?
Det er særleg tre grupper som vil ha nytte av behandling med Paxlovid-tablettar:
- Dei som har alvorleg immunsvikt
- Dei som er over 65 år, ikkje har fått vaksine dei siste seks månadene og har ein alvorleg sjukdom
- Alle som er over 80 år
Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjere for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona er å ta koronavaksine. Ta kontakt med kommunelegekontoret på telefon 70 19 91 60 for å bestille vaksine.
Kven skal du kontakte om du lurer på noko?