Sula kommune

Koronatesting i Sula kommune

Informasjon til deg som har testa positivt på hurtigtest

Bestill time for test her.

Vi ber om at du har låg terskel for å teste deg, også om du berre har lette symptom og sjølv om du er vaksinert.

Det er viktig at du bestiller time før du møter opp til testing, du kan bestille time for testing på nett eller telefon 70 19 91 60 (tasteval 1)

 Bestill time for test her.

Ofte stilte spørsmål om koronatest 

Når skal du teste deg?

 

Kva gjer du om du testar positivt på hurtigtest?

Om du testar positivt på hurtigtest ber vi deg gjere følgande

  • Gå i isolasjon
  • Bestill PCR-test ved teststasjonen i Sula på www.c19.no
  • Varsle nære nærkontakter og øvrige nærkontakter. Definisjonar på nærkontakter - FHI
  • Informer nærkontaktene dine om råda som gjeld for dei: Nærkontakter og isolering - FHI
  • Ta kontakt med fastlege om du har medisinske spørsmål, eventuelt legevakt på telefon 116 117 om du har behov for medisinsk hjelp i helg, og på kvardagar etter klokka 15:00. Ring 113 ved behov for akutt hjelp – som for eksempel pustevanskar eller andre kritiske symptom.
Slik bestiller du time for testing

Slik bestiller du koronatest

  • Gå til https://c19.no Følg lenka til Koronasjekk for å sjå om du bør teste deg.
  • Trykk på «Bestill tidspunkt for testing» og logg inn med digital ID, til dømes BankID.
  • Fyll ut skjemaet. Merk at du også kan bestille testing på vegner av andre.
  • Når du har sendt inn skjemaet blir du tildelt første ledige tidspunkt for testing.
  • Du får opp ei kvittering på bestillinga di. Merk deg kvar og når du skal møte opp. Kvitteringa inneheld også andre opplysningar som det er viktig at du leser. I kartet under ser du kvar du skal køyre når du skal testast.
  • Det beste er om du kjem til teststasjonen i bil, men om det ikkje er mogleg er det også greit å kome på sykkel eller til fots. Transport til teststaden er ditt eige ansvar, men om du har problem med å komme deg dit fordi du ikkje har tilgang på bil, eller nokon til å køyre deg, kan du ringe Kommunelegekontoret på 70 19 91 60.

Bestill koronatest her

Om du ikkje har digital ID

Om du ikkje har digital ID (BankID, Buypass eller Commfides), kan du ringe kommunelegekontoret på 70 19 91 60 mellom klokka 09:00 og 15:00 måndag til fredag for å avtale testing. Du må vere budd på litt telefonkø.

Når skal du halde deg heime?

 

Symptom på koronavirus
Her er teststasjonen til Sula kommune

Teststasjonen i Sula kommune ligg ved Langevåg Røde Kors. Adresse: Molværsvegen 74, 6030 Langevåg

Transport til teststaden

Det beste er om du kjem til teststasjonen i bil, men om det ikkje er mogleg er det også greit å kome på sykkel eller til fots. Transport til teststaden er ditt eige ansvar, men om du har problem med å komme deg dit fordi du ikkje har tilgang på bil, eller nokon til å køyre deg, kan du ringe Kommunelegekontoret på 70 19 91 60.

Teststasjon Røde Kors  

Ikkje-kommunale teststasjonar

I løpet av september 2021 har det blitt etablert to hurtigteststasjonar i Langevåg, Testdegfri på Devoldfabrikken og Gratis Hurtigtest i Stadsnesvegen 19. Dette er ikkje eit kommunalt tilbod, det er finansiert med midlar frå staten. Dei tilbyr berre drop-in.

Dette er eit tilbod om hurtigtest til deg som er symptomfri og skal på eit arrangement, ein sosial samankomst, eller reise som krev grønt koronasertifikat. For at koronasertifikatet skal vise grønt må du ha negativ test som ikkje er eldre enn 24 timer.

Dersom du er sjuk, nærkontakt, eller i karantene må du bestille test på den kommunale teststasjonen på www.c19.no

Korleis får du svar på testen?

Om du testar positivt tar vi direkte kontakt med deg. Om du testar negativt vil du få svar på helsenorge.no. Du får svar innan 1 - 3 dagar.

Vi ber om at du ikkje ringer til sjukehuset for å få svar,  det forseinkar arbeidet deira.

Om du ikkje har moglegheit til å logge deg på helsenorge.no for å finne svaret, kan du ringe kommunelegekontoret på 70 19 91 60. Det kan ta tid før du får svar i telefonen grunna stor pågang.  Om du ønsker å bestille tid for koronatest må du ringe oss før 11:00 for å bli testa samme dag.

Oversikt over antal testa i Sula kommune

Vanlegvis gjev covid-19 milde luftvegssymptom som kan vere vanskeleg å skilje frå andre luftvegsinfeksjonar. Av og til kan covid-19 gje alvorleg sjukdom. Det er difor viktig at du følgjer med på symptoma og kontaktar lege dersom du blir dårlegare.

Kommunelegekontoret i Sula: 70199160:
Legevakt: 116117
Ambulanse: 113 (ved akutt og alvorleg sjukdom)