Sula kommune

Bestilling av hurtigtestar

Hurtigtestar er ein knapp ressurs og skal brukast til priorterte grupper, ikkje bestill fleire testar enn du treng.

Gratis hurtigtestar skal brukast til prioriterte grupper

  • Personar i samfunnskritiske yrker som kan unntas smittekarantene frå arbeid ved dagleg testing
  • Nærkontakter i karantene
  • Personar med symtomer som ikkje er nærkontakter (NB! ikkje hent testane sjølv om du har symptom)

Slik bestiller du hurtigtest

Bestillingsskjema for hurtigtest

Her hentar du testane

Hurtigtestane kan hentast i servicetorget på rådhuset i opningstida måndag - fredag 08:00 - 15:30. 

Har du symptom eller er i karantene må du sende nokon til å hente testane for deg, du bør også bestille deg ein PCR-test på c19.no

Slik tar du ein hurtigtest heime

Slik tar du ein hurtigtest heime: Bruksanvisning nasal hurtigtest.

Her ser du ein video som enkelt viser korleis du skal gjennomføre testen:

Kva gjer du om testen er positiv?

Om du testar positivt på hurtigtest ber vi deg gjere følgande

Ta kontakt med fastlege om du har medisinske spørsmål, eventuelt legevakt på telefon 116 117 om du har behov for medisinsk hjelp i helg, og på kvardagar etter klokka 15:00. Ring 113 ved behov for akutt hjelp – som for eksempel pustevanskar eller andre kritiske symptom.

Gratis hurtigtestar skal ikkje brukast til

  • Rutinemessig testing i regi av arbeidsgivarar si testing av eigne tilsette
  • Rutinemessig testing ved arrangement og tilstelningar

Om du ikkje er i ei av dei priorterte gruppene, men ønsker å teste deg, kan du kjøpe testar mellom anna på apoteket.