Koronavaksinasjon i veke 9 (01. - 05.03.21)
Sula kommune får totalt 90 vaksinedosar av typen Comirnaty denne veka, alle er dose to som skal giast til dei som allereie har fått dose ein. 317 personar vil med det vere ferdig vaksinert.
I tillegg får vi 100 dosar med vaksine av typen AstraZeneca, dei er øyremerka helsepersonell.
Vi vaksinerer no personar i alderen 75 - 84 år. Du vil få ein SMS frå c19 når det er din tur. Be gjerne om hjelp frå ein pårørande om du synes det er vanskeleg å bestille sjølv. Om du ikkje responderer på SMS'en i løpet av eit par dagar, vil du bli oppringt.
Vaksinering i Sula kommune er lagt til Langevåg bedehus. Av omsyn til smittevern ber vi om at du møter presis, ikkje for tidleg. Ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema. (PDF, 2 MB)