Sula kommune

Koronavaksinasjon i Sula kommune

Her kan du bestill time, eller takke nei til vaksinering

Koronavaksinasjon i veke 31

 Alle som er busett i Sula kommune, og som er født i 2003 eller tidlegare, har no fått tilbod om første dose. 

Sula kommune har om lag 300 ledige timar til koronavaksinering denne veka. Vi vaksinerer både onsdag og torsdag, og vi vaksinerer både dose ein og dose to. Timar til dose to kan bli flytta og framskunda. Vi ber om at du følger med, og prioriterer å møte til timen du får tildelt.

Vi vaksinerer på onsdagar og torsdagar 10:00 - 15:00 i veke 31 og 32.

Bestill time til dose ein snarast mogleg

Er du ein av dei 550 som har fått SMS frå c19.no med beskjed om at du kan bestille time for vaksinasjon, men som av ulike grunnar ikkje har gjort det enno? Då ber vi om at du gjeng inn på c19.no og bestiller time.  Mangel på respons gir mykje ekstraarbeid for dei som organiserer vaksinearbeidet. 

Om du ikkje ønsker å ta i mot tilbodet, eller er vaksinert i ei anna kommune, er det likevel viktig at du gir oss beskjed, følg same lenken som for bestilling, der er også eit alternativ for å takke nei. 

Timar for dose to blir framskunda

Om du allereie har fått tidspunkt for dose to, gjer vi merksam på at tidspunktet for denne kan bli framskunda. Du vil eventuelt få beskjed om nytt tidspunkt i ein SMS frå c19.no. Du kan ikkje gå inn å endre tidspunkt for dose to sjølv. Vi ber om at du prioriterer å ta vaksinen på tildelt tidspunkt, men om tidspunktet absolutt ikkje passar, må du ta kontakt med kommunelegekontoret på telefon 70 19 91 60 for å endre timen.

Om du har avbestilt time, men ombestemt deg 

Om du har avbestilt time til vaksine tidlegare må du kontakte kommunelegekontoret  på telefon 70 19 91 60 for å få ny time.

Kø og ventetid på telefonen

Om du enno ikkje har respondert på SMS frå c19.no ber vi om at du følger lenken og bestiller time på nett. 

Om du har generelle spørsmål om vaksinasjon i Sula kommune kan du ringe servicetorget på telefon 70 19 91 00, for endring av tildelte timar må du kontakte kommunelegekontoret på telefon 70 19 91 60.

Det er til tider stor pågang på telefonen til kommunelegekontoret. Ikkje legg på om det er lang kø, du kan bruke tilbakeringfunksjonen, du misser ikkje plassen din i køa.

Meir informasjon om koronavaksinasjon i Sula kommune

Kvar foregår vaksineringa?

Vaksinering i Sula kommune er lagt til Langevåg bedehus, O. A. Devoldvegen 7 i Langevåg.  Av omsyn til smittevern ber vi om at du møter presis, ikkje for tidleg.

Eigenerklæringsskjema

Ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema når du møter for å få vaksine, gjeld både for dose ein og to. Om du ikkje har moglegheit til å skrive ut skjema heime, kan du hente papirskjema på rådhuset, du finn dei i ei mappe som heng på veggen ved inngangsdøra.

Om du ikkje ønsker å ta vaksine

Det er frivillig å ta vaksinen, men vi anbefalar alle som får tilbod om vaksinering å ta den. Om du ikkje ønsker å ta i mot tilbodet er det viktig at du gir oss beskjed, følg same lenken som for bestilling, der er også eit alternativ for å takke nei.

Status for koronavaksinasjon

Ofte stilte spørsmål om koronavaksinasjon

Kva med vaksinasjon av barn og ungdom 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom?

Vaksina frå BioNTech/Pfizer (Comirnaty) er no godkjent for vaksinasjon av barn ned til 12 års alder. For barn og unge er risiko for alvorleg forløp av covid-19 lav, sjølv ved kronisk underliggande sjukdom. Det opnast likevel for vaksinasjon der ein meiner at det kan vere auka risiko for alvorlig sykdom.

Først og fremst gjeld dette barn og ungdom som har alvorlege og komplekse nevrologiske sjukdommar eller medfødte syndrom, men også dei med sjukdommar i lista under:

  • Organtransplanterte
  • Immunsvikt (gjeld alvorleg/medfødt immunsvikt)
  • Hematologisk kreftsjukdom siste 5 år
  • Anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft(særleg immundempande behandling, strålebehandling mot lunger eller cellegift)
  • Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som fører til nedsett hostekraft eller lungefunksjon (for eksempel SMA, Duchenne og cerebral parese)
  • Downs syndrom
  • Kronisk nyresjukdom eller alvorleg nedsett nyrefunksjon

Vi ber om at foreldre eller ungdom tek kontakt med fastlegen, for eksempel via e-kontakt / e-konsultasjon eller telefon der ein ber om vurdering av om det kan vere aktuelt for vedkommande. Alternativt kan det diskuterast med lege ved barneavdelinga om ein har regelmessig oppfølging der.

Eigenerklæringsskjema

Ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema når du møter opp for å få vaksine, gjeld både for dose ein og to.

Om du ikkje har moglegheit til å skrive ut skjema heime, finn du skjema i ei mappe som heng på veggen ved inngangsdøra til rådhuset.

Etterregistrering av vaksinar tatt i utlandet

Personar med norsk fødselsnummer eller d-nummer kan no få etterregistrert vaksinar som er tatt i utlandet. Etterregistrering gjeld kun vaksinar som er godkjende av det europeiske legemiddelbyrået EMA. 

Du kan kontakte fastlegen din eller kommunelegekontoret.

Du treng anten informasjon frå koronasertifikat utstedt i EU- eller EØS-området, eller anna truverdig vaksinasjonsdokumentasjon som vaksinedato, type og batchnummer. Dette er uavhengig av kvar i verda desse vaksinane er sett.

Informasjon om Janssen-vaksinen

Janssen-vaksina er ikkje ein del av vaksinasjonsprgrammet. Helsedirektoratet og Legeforeningen anbefalar ikkje bruk av denne vaksinen. Legane i Sula har valt å å følge anbefalinga om å ikkje tilby slike konsultasjonar.

Begrunning

I Noreg er smitterisikoen så låg at Helsedirektoratet meiner at risikoen for alvorlege biverknader av Janssen-vaksinen er større enn fordelane ved å ta vaksinen.

Alle får snart vaksine i det vanlege vaksinasjonsprogrammet

 Alle som er busett i Sula kommune, og som er født i 2003 eller tidlegare, har no fått tilbod om første dose. Det vil derfor kun vere nokre veker å spare på å ta Janssen-vaksinen, sjå FHIs vaksinasjonskalender

Kven får vaksina først og kva er prioriteringsrekkefølga

 Alle som er busett i Sula kommune, og som er født i 2003 eller tidlegare, har no fått tilbod om første dose. Vaksinane har vore gitt etter prioritering som har vore bestemt frå sentralt hald.

Prioritert rekkefølge for vaksinasjon:

1. Bebuarar på sjukeheim
2. Alder 85 år og eldre
3. Alder 75-84 år
4. Alder 65-74 år OG personar mellom 18 og 64 år med disse sjukdomane/tilstandane:

• organtransplantasjon
• immunsvikt
• hematologisk kreftsykdom siste fem år
• annan aktiv kreftsykdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft
• nevrologiske sjukdom eller muskelsjukdom som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon
• kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon

5. Alder 55-64 år med desse sjukdomane/tilstandane:

• Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsatt leverfunksjon
• Immundempande behandling ved autoimmune sjukdomar
• Diabetes
• Kronisk lungesjukdom
• Fedme med kroppsmasseindeks (KMI på ≥ 35 kg/m2 eller høgare)
• Demens
• Kroniske hjerte- og karsjukdomar (med unntak av høgt blodtrykk)
• Hjerneslag
• Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom som ikkje er nevnt i lista over kan også gje auka risiko for alvorleg sjukdom og død av covid-19. Dette blir vurdert individuelt av lege.

6. Alder 45-54 år med same sjukdomar/tilstandar som er listet opp i pkt. 5
7. Alder 18-44 år med same sjukdomar/tilstandar som er listet opp i pkt. 5
8. Alder 55-64 år
9. Alder 45-54 år
10. Alder 18-24 år og 40-44 år
11. Alder 25-39 år

Nedre aldersgrense for koronavaksinasjonsprogrammet er frå fylte 18 år, det vil sei at du ikkje får tilbod om vaksine før du har fylt 18 år. Unntak er ungdom 16-17 år med høg risiko for alvorleg sjukdom

Les meir om prioriteringar på Folkehelseinstituttet sine heimesider.

 

Når vil eg få vaksinen?

Innbyggarar i Sula får tilbod om koronavaksine i samsvar med helsemyndigheitene sine anbefalingar og prioriteringar.  Alle som er busett i Sula kommune, og som er født i 2003 eller tidlegare, har no fått tilbod om første dose. 

Status for koronavaksinasjon

 

 

Vaksinering av tilsette i barnehagar, skule og SFO

Regjeringa har opna opp for at tilsette i barnehagar, SFO og skular kan prioriterast for vaksine

Sula kommune har kome langt med vaksinering og om kommunen får dei dosane med vaksine som er lova så vil alle innbyggarar som ønskjer det, ha fått sin første dose i god tid før skulestart. Sula kommune vil derfor ikkje kalle inn spesifikt dei tilsette i skulane og barnehagane.

Dersom nokon tilsette i skular og barnehagar av ein eller annan grunn ikkje har fått tilbod innan 2.august bes dei om å ta kontakt med kommunelegekontoret på 70 19 91 60.

Vaksinering av sjøfolk og studentar som skal studere i utlandet

Studentar og sjøfolk er ikkje priorterte grupper, men det er opna for at komunane kan finne praktiske løysingar slik at dei frå begge dosane før avreise til studiestaden/påmønstring. Fyll ut skjema i lenken under.

Skjema for  koronavaskinasjon for sjølfolk og studentar som skal studere i utlandet.

Kva må eg gjere for å få vaksinen?
  • Du vil få ein SMS frå c19 med beskjed om at det er din tur å få koronavaksinasjon, i den finn du ei lenke til c19.no, nettstaden der du kan bestille vaksine. 
  • Det er c19 som er avsendar av SMS'ane. Vaksina er gratis, om du får ein SMS med krav om førehandsbetaling eller andre økonomiske opplysningar, er den ikkje frå oss.
  • Før du bestiller time til vaksinasjon kan det vere lurt å lese gjennom Sjekkliste til deg som har fått tilbod om koronavaksinasjon. (PDF, 758 kB)
  • Logg inn med digital ID, til dømes BankID.
  • Trykk på "Bestill time for koronavaksinasjon".
  • Fyll ut skjemaet. Merk at du også kan bestille vaksinasjon for andre, for eksempel om du er pårørande til ein som ikkje klarer det sjølv.
  • Du får automatisk tildelt ein time, du kan ikkje velje tidspunkt sjølv. Om timen ikkje passar  du ta kontakt med kommunelegekontoret på telefon 70 19 91 60
  • Du får ei kvittering på bestillinga di med beskjed om tidspunkt for timen, kvar du skal parkere, samt kva for du inngang du skal bruke, og kva for avlukke du skal gå til. Oppmøtestad er Langevåg bedehus, sjå bilete nedst i artikkelen.
  • Du vil få ei påminning på SMS dagen før timen.

Når bør du ta kontakt med oss?

  • Om du er over 45 år, er i målgruppe 5 - 9, eller har fastlege i anna kommune og ikkje har høyrt frå oss, ber vi om at du tar kontakt på telefon 70 19 91 60. Det same gjeld om du tidlegare har takka nei til vaksine, men har ombestemt deg.
  • Sjøfolk skal ikkje prioriterast opp som gruppe.  Det blir likevel opna for at kommunane kan, hvis dei sjølv finn det mogleg, finne praktiske løysingar for at det enkelte sjøfolk kan rekke å få begge dosane før påmønstring.  Dette for å hindre at dei blir vesentleg forsinka som følge av sitt fråver frå landet. Om du arbeider til sjøs ber vi om at du tar kontakt med helseavdelinga på telefon 70 19 91 60 når du ser at vi i nærmar oss vaksinering for di aldersgruppe. Status for vaksinering i Sula kommune.
  •  Studentar er ikkje prioritert som gruppe, men det er opna for at kommunane kan finne praktiske løysingar slik at studentane kan får begge dosane før avreise til studiestaden. Fyll ut skjema i lenken under. Skjema for  koronavaskinasjon til studentar som skal studere i utlandet.

 

Kva kostar vaksinen?

Koronavaksinen er gratis, og utan eigenandel. Det er ikkje mogleg å betale for å rykke fram i vaksinasjonskøa. Sula kommune vil aldri be om betaling, kontonummer eller andre bankdetaljar- blir du tilbudt koronavaksine mot betaling og/eller for å rykke fram i køa, er det nokon som prøver å lure deg

Korleis skjer vaksineringa?

Vaksinen skal giast to gongar med nokre vekers mellomrom.  Du vil få tidspunkt for dose 2 når du tar dose 1.

Dette bør tenke på før du møter opp

  • Hugs å ta med gyldig legitimasjon
  • Ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema frå FHI.no (PDF, 521 kB)  (PDF, 547 kB) Om du ikkje har moglegheit til å skrive ut skjema heime, finn du skjema i ei mappe som heng på veggen ved inngangsdøra til rådhuset.
  • Av omsyn til smittevern ber vi deg møte presis, ikkje for tidleg.
  • Ha på kle som gjer overarma di lett tilgjengeleg, for eksempel t-skjorte
  • Før vaksinasjonen blir du spurt om du er frisk, og om du har hatt reaksjonar på andre vaksiner du har fått tidlegare. Hugs å sei i frå om du er gravid, har allergi, brukar medisinar eller har andre helseproblemer.
  • Du skal vente i 20 minutt etter vaksinering. Hald deg roleg i setet ditt.

Du skal ikkje møte opp til vaksinasjon dersom du på vaksinasjonsdagen:

  • Har forkjølingssymptom, feber over 38 grader eller andre teikn på infeksjonssjukdom
  • er i karantene eller ventar på svar på koronatest
  • har blitt vaksinert med anna vaksine i løpet av dei 7 siste dagane
  • det har gått mindere enn 3 veker sidan du var ferdig med isoleringsperiode etter koronasjukdom
  • er gravid utan å tilhøyre risikogruppe for alvorleg koronasjukdom.

Gi beskjed så raskt som mogleg til kommunelegekontoret, vaksinasjonen vil då bli utsett.

Kvar foregår vaksinasjonen?

Koronavaksineringa i Sula kommune er lagt til Langevåg bedehus, O. A. Devoldvegen 7 i Langevåg. Med det antal vaksinar vi får no er det sett av ein dag i veka, onsdagar, til koronavaksinasjon.

På bildet under finn du ei oversikt over parkering, inngangar og utgangar. Du får beskjed i SMS om kvar du skal parkere, og kva inngang/utgang du skal bruke.
Klikk for stort bilete  

Har vaksinen biverknadar?

Vaksinene er testa i store studiar på mange tusen menneske. Vanlege biverknader, er:

  • Vondt på stikkstaden
  • At du blir trøytt
  • Hovudverk
  • Vondt i kroppen 
  • Frysningar og feber

Desse biverknadene er ubehagelege, men går over etter få dagar.

Uvanlege biverknader

Kontakt lege eller anna helsepersonell om du får uvanlege, kraftige, eller langvarige symptom etter vaksinasjon.

Er koronavaksinen trygg?

Vaksinene er grundig testa og godkjent for bruk. Alle vaksiner har biverknader, de fleste er milde og forbigåande. Sjølv om ein testar dei nye vaksinane grundig, vil ein aldri kunne sikre seg heilt mot sjeldne biverknadar som kan oppstå når vaksinen blir tatt i bruk i stor skala. Eventuelle biverknadar av dei nye vaksinane vil bli følgd nøye av legemiddelmyndigheitene, i tett samarbeid med andre land.

I Sula kommune vaksinerer vi med vaksinenen  Comirnaty (BioNTech og Pfizer)

Korleis blir koronavaksiner godkjende?

 

Information in other languages

Meir informasjon og nyttige lenker

Informasjon om Comirnaty på døvespråk

I Sula kommune får innbyggarane tilbod om vaksine Comirnaty frå Pfizer og BionTech.