Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Reduserte og stengde offentlege tilbod i Sula kommune

Her har vi samla ei oversikt over kommunale tilbod som er redusert eller er heilt stengde. Her vil det raskt kunne skje endringar etter kvart som situasjonen utviklar seg, men vi prøver å halde informasjonen oppdatert.

Kommunale tilbod som er endra, reduserte eller stengde

Arrangement i kyrkja

Avlysing av arrangement og opne kyrkjer

Frå dags dato 12.03 avlyser vi gudstenester og andre arrangement i regi av kyrkja, men vi ynskjer å vere tilgjengelege. Følg med på nettsida til Sula Sokn, facebook og annonse i Sulaposten for meir informasjon.

Samtale med prest/diakon

Ynskjer ein kontakt med prest eller diakon i høve - ein til ein - samtale så kan ein ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 70 19 96 00 eller ringe vakttelefonen vår: 408 48 923 så set vi deg i kontakt med rette vedkommande.

Gravferd, vigsel og dåp

Gravferder, vigsler og dåp vil bli gjennomført som avtalt med restriksjonar på frammøte. Vi fylgjer råd og restriksjonar frå Sula kommune. Gravferder skal ikkje ha fleire enn 20 deltakarar.
Ring kyrkjekontoret på telefon 70 19 96 00 ved spørsmål.

Sula rådhus

Rådhuset i Sula blir stengt for publikum frå og med måndag 16. mars og til 1. mai om ikkje anna beskjed blir gitt.

Sentralbordet er ope som vanleg på telefon 70 19 91 00.

E-post kan sendast til: post@sula.kommune.no

Under "Finn tilsett" her på heimesida vår vil du også finne telefonnummer og e-post til mange av dei tilsette i hovudadministrasjonen.

Vi oppmodar elles alle til å lese den informasjonen vi legg på heimesida, vi prøver å halde den oppdatert til ei kvar tid. Vi legg også ut oppdateringar på Facebook og svarar på henvendigane vi får på Messenger.

Besøk til sårbare grupper

Kriseleiinga har bestemt at eldreinstitusjonar, bufellesskap og bustader med sårbare grupper i utgangspunktet er stengt for besøkande, med unntak av ved kritiske situasjonar. Besøk må avklarast med leiinga av den aktuelle institusjonen.

Besøksrestriksjonane i helse- og omsorgsbustadar er eit tiltak for å hindre at ein får smitte inn på institusjonane. Dette for å hindre at den enkelte brukar vert sjuk, men også for å hindre smittespreiing til dei andre bebuarane og personalet.  Dette er eit omsyn som veg tungt då vi veit at mange brukarar er i risikogruppa for alvorleg sjukdom ved smitte av Korona.

Vi viser til Helsedirektoratet sin veileder av 15.03.2020 der denne anbefalinga er presisert:

Alle helseinstitusjonar skal innføre adgangskontroll og besøksstans

For å verne sårbare pasientar og brukarar mot smitte er det no nødvendig med adgangskontroll og alminneleg besøksstans i alle landets offentlege og private helse- og omsorgsinstitusjonar, samt i fellesareal i omsorgsboligar mv. Tiltaka må omfatte alle besøkande, inkludert pårørande til bebuarar og pasientar, frivillige hjelparar og andre som leverer tenester og bidrar med aktivitetar ved institusjonen.

Oppmoding

Vi er klar over ulempene restriksjonane kan påføre brukarar og pårørande. Mange tenestemottakarar vil oppleve at tenestetilbodet blir redusert for ein periode. Det vil vi beklage og samstundes ber vi om forståing for at dette er naudsynt for å beskytte og ta vare på dei mest sårbare av innbyggarane våre.

Endringar i heimetenestene

Mange har spørsmål om korleis vi i heimetenestene (HBO) fungerar no i desse koronatider. Under finn du svar på nokre av dei vanlegaste spørsmåla vi får.

Endringar i heimetenestene

Korleis jobbar vi for å unngå smitte?

Vi har i desse tider eit ekstra stort fokus på å minske moglege smittevegar. Mange av våre brukarar er i risikogruppa for å bli alvorleg sjuk av dette viruset, og vi har derfor innført tiltak for å redusere risiko. Døme på slike tiltak er:

  • Vi har innarbeidd gode hygienetiltak i tillegg til den naturlege handvasken. T.d.vert handtak, tastatur, telefonar, flater og liknande reingjort for kvart vaktskifte. Vi desinfiserer også ratt, dørhandtak m.m i bilane for kvar vakt. Likeeins prøver vi å halde avstand til kollegaer på jobb, t.d.ved at alle ikkje tek matpause på same rom, ikkje sit for tett på i rapportar og liknande.
  • Om nokon av personalet t.d.opplever å bli akutt forkjølt, held dei seg vekke frå arbeid til dei er symptomfrie eller til dei er undersøkt for koronasmitte.
  • Det går meir av andre virus enn korona, og du kan difor oppleve at personalet bruker munnbind om dei er litt forkjølt, dette for å unngå smittespreiing.
  • Vi har sett i verk tiltak der vi har begrensa tal på personell som går til kvar enkelt brukar.   
Har vi nok folk?

Vårt mål er å ha nok personale på jobb til ei kvar tid. Utfordringane kan kome dersom vi får mange brukarar som er smitta og/eller dersom mange i personalgruppa vert smitta. Vi har derfor gjort fleire grep for å bu oss på ein slik situasjon.

Vi har mellom anna lært opp nokre av dei som skal vere ferievikarar slik dei kan trå til på kort varsel allereie no om det vert behov for det. Vi har også redusert litt på tilbodet til enkeltbrukarar der vi har funne det forsvarleg, eller ved at pårørande kan bistå.

Vi har også innhenta lister over helsepersonell som har meldt seg til kommunen, og over personell i andre einingar i kommunen som kan bistå dersom behovet kjem. I tillegg har mange i tenestene meldt at dei kan ha kapasitet til å jobbe ekstra.

Vi er glad for at mange er villig til å yte ekstra i den situasjonen vi no står i. Til no har tilgongen på personal vore god, og vi har kunna bemanna litt opp for mellom anna å kunne yte tenester til dei som heime på grunn av stengde dagsenter.

 

Kva kan pårørande bidra med?

Vi ber om at familie eller andre aktuelle som har muligheit til å bistå sine med t.d. tillaging av måltid, augedrypping, støttestrømper, medisin, dusj/personleg hygiene og eventuelt andre oppgåver, tek kontakt med oss. Dette vil medverke til at vi i heimetenestene i større grad kan prioritere ressursane inn mot dei mest kritiske behova.


 

Kva om det vert mange smitta?

Dersom det vert mange smitta vil dette kunne få konsekvensar for tenesteytinga vår ein periode. Vi beklager ulemper dette kan føre til. Tiltak som kan vere aktuelle er:

  • Midlertidig reduksjon av tilsyn/bistand – dei det gjeld vil få nærare beskjed. Det kan bli aktuelt å erstatte tilsyn med t.d. ringetilsyn.
  • Hjelp til dusj kan måtte endrast i perioden, dette med tanke på minst mogleg nærkontakt. Dette blir vurdert opp mot den einskilde sin samla situasjon.
  • Helsehjelpa vil bli meir avgrensa der dette blir vurdert som forsvarleg, med færre  og/eller kortare tilsyn frå HBO.
  • Tillaging av brødmåltid som no blir gjort av HBO kan verte avgrensa. Middag vert som no levert på trappa, då kjøkkenpersonalet ikkje kan gå inn i heimane på grunn av smittafare.
  • Vert personalsituasjonen kritisk, kan praktisk bistand som husvask opphøre for ein periode, då personalet må omdisponerast til pleie.
Kva om eg som er brukar vert sjuk eller blir eksponert for smitte?

Det er svært viktig at du som er brukar hos oss gir beskjed til oss per telefon dersom du har vore i kontakt med personar med påvist koronasmitte.

Vi ber også om at de gir beskjed til oss dersom du som er brukar har forkjølingssymptom og/eller om du har vore i nærkontakt med nokon som er forkjøla utan at det er påvist korona. Vi kan med denne kunnskapen ta forholdsreglar før vi går inn i heimen din.

Pårørande kan ringe dersom dette er vanskeleg for deg.

 

Korleis ta kontakt med oss?

HBO indre:

Personalbase: 47 62 08 34
Vakttelefon: 90 58 57 86

HBO ytre:

Personalbase: 70 19 87 11
Vakttelefon: 95 83 07 10

Vi ber om at du først prøver å nå oss på personalbasen før du ringer vakttelefonen.

 

Kommunelegkontoret

Grunna situasjonen med koronaviruset og smittefaren har Kommunelegekontoret i Sula lagt om rutinene sine.

  • Ingen skal møte på legekontoret utan å ha vore i telefonisk kontakt på førehand, helst same dag. Telefon 70 19 91 60
  • Personalet på kommunlegekontoret er delt i to grupper som kvar er på jobb ei veke om gongen. Den gruppa som ikkje er fysisk til stades på kontoret vil kunne foreta konsultasjonar på data, telefon og liknande

Tiltaka er innført for å skjerme pasientar og dei tilsette frå smitte slik at vi kan oppretthalde eit kommunalt legetilbod.

Vi har opplevd at enkelte ikkje respekterer reglane. Ein konsekvens av dette vil kunne vere at det blir satt opp vakthald ved inngangsdøra til kommunelegekontoret.

Besøklegen

Besøklegen.no kan du bestille ein eKonsultasjon og motta eBrev (elektronisk brev) frå legen, du kan også fornye respetar og kontakte resepsjonen på kommunelegekontoret. 

Du vil få beskjed på SMS eller e-post når saka di har blitt behandla, eller dei ringer deg tilbake.

Om du skal bruke eKonsultasjon, eller lese eBrev må du logge deg på med BankId. 

Om du treng hjelp til dette kan du ringe servicetorget på 70 19 91 00.

 

Jordmor og helsestasjon

Alle tilsette på helsestasjonen er på jobb sjølv om tilbodet frå helsestasjonen er svært redusert. Kun dei som har avtale møter fysisk på helsestasjonen.

Jordmor

Alle gravide som har time hos jordmor frå 23.mars, vil få telefon fra jordmor i forkant.

Viktig før jordmorkontroll på helsestasjonen:

  • Alle gravide møter åleine
  • Hvis du er sjuk/forkjøla/karantene skal du ikkje møte
  • Møt presis ( ikke for tidlig)

Bruk Helsenorge.no for informasjon Svangerskap/Fødsel

Sjå også siste informasjon frå Fødeavdelinga Ålesund sjukehus

Skulehelsesjukepleiarane har heimekontor og du når dei på telefon:

Margun på Langevåg skule                tlf 917 02 364

Berit på Langevåg skule                    tlf 917 07 288

Therese på Fiskerstrand skule            tlf 917 05 061

Synnøve på Måseide skule                 tlf 901 98 029

Anita på Solevåg skule                       tlf 917 04 309

Irene på Sula ungdomsskule              tlf 479 06 686

Ta kontakt om du treng å snakke med oss.

Ta kontakt på telefon

Vi vil hjelpe så godt vi kan på telefonen. Dette gjeld alle brukarar av helsestasjonen, gravide, foreldre, barn og ungdom.

Helsesestasjonen er bemanna for telefon måndag –fredag 08:00 – 15:00  telefon: 70 19 91 36

Unngå å bli smitta.Vask hender og hold avstand

NAV Sula

NAV har stor pågang på telefonen i desse dagar og ber om at flest mogleg nyttar tenestene som ligg på nett

Dersom du må snakke med ein veileder, er mottaket betjent gjennom telefon  484 06 397 i vanlig opningstid:

Mandag – onsdag – fredag  kl 10:00 – 12:00

Kontaktinformasjon: www.nav.no eller telefon 5555 3333

Dagsenter

Alle dagsenter held stengt inntil vidare.

Biblioteket

Biblioteka(i Langevåg og Mauseidvågheld stengt for publikum frå og med måndag 16.mars.

Alle arrangement er også avlyst inntil vidare.

Har du lånt bøker eller andre ting du eigentleg skulle ha levert no når biblioteket har stengt? Du treng ikkje uroe deg!
Alle lån blir forlenga så lenge vi held stengt, og du vil heller ikkje få purringar frå oss. Innleveringskasser er stengt.

Hentefristen for bestilte bøker er utsett.

Du kan ikkje bestille bøker eller andre ting i stengeperioden. Fjernlån mellom biblioteka i Norge er stoppa.

Du kan kontakte biblioteket på telefon 70 19 79 10 eller på e-post: sula.bibliotek@sula.kommune.no

Følg gjerne med på heimesida vår: www.mrbiblioteket.no/sula og på Facebook-sida vår.

Støttekontakt og avlasting

Ordningane  med støttekontakt og avlasting er mellombels lagt ned.

Molvær senter

Molvær senter er stengd inntil vidare.

Hallar og gymsalar

Utleige av kommunale bygg er stoppa, hallar og gymsalar er stengd inntil vidare.