Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Smitte og testing

Smitte og testing

Kva gjer du dersom du trur eller har mistanke om at du er smitta?

For innbyggarar

Om du føler deg sjuk, bør du halde deg heime.

Vi er no i ei fase der vi veit det finns spreiing i samfunnet. Eit viktig tiltak no for å hindre vidare spreiing,er at alle som er sjuke med luftvegssymptom, held seg heime for å unngå å smitte andre. Det er viktig for å beskytte dei mest sårbare i samfunnet. 

Dersom du ha lette luftvegssymptom, bør du halde deg heime inntil ein dag etter at du føler deg frisk. Du treng ikkje kontakte helsevesenet for testing. Det er for å avgrense bruk av testing og ressursar til fordel for alvorleg sjuke og sårbare grupper.

Hvis du får meir alvorlege symptom, kan du ringe fastlegen din. Hvis ikkje du får tak i fastlegen, ring legevakt på 116 117

Informer legen om du har vore i minst ein av følgande situasjonar:

  • Har vore i land som er omfatta av karantenebestemmelsane dei siste 14 dagane
  • Har hatt nærkontakt med ein person som er bekrefta sjuk med covid-19 i løpet av dei siste dagane.

Ved fare for liv og helse skal du ringe 113

Korleis forhindre smitte

Å bidra til å hindre spreiing av smitte er noko av det viktigaste vi kan gjere. Vi ber deg derfor tenke gjennom om du har behov for å møte opp fysisk, eller om saka di kan løysast på andre måtar, for eksempel. pr. telefon, internett , e-post eller chat.

Klikk for stort bilete

For å hindre spreiing av smitte kan kvar og ein av oss følgje nokre enkle råd: 

  • Bruk papirlommetørkle som du kastar etter bruk når du må hoste/nyse.   
  • Har du ikkje lommetørkle tilgjengeleg kan du hoste/nyse i olbogekroken.
  • Vask hendene ofte og grundig med såpe og vatn, spesielt når du har vore ute blant folk.
  • Om du ikkje har høve til å vaske hendene med såpe og vatn kan du bruke alkoholhaldig desinfeksjonsmiddel

Hald avstand

I det offentlege rom bør vi halde minst ein meter avstand til andre mennesker. Når vi er ute bør vi ikkje vere meir enn fem personar i same gruppe. Det gjeld ikkje personar som er i familie eller i same hustand.

Mathygiene

Matservering og behandling av mat på stad med allmenn tilgang skal forhalde seg til Mattilsynets gjeldande reglar og avgrense tilgang på felles serveringbestikk, maskiner og behaldarar for tilbehøyr.

Kvar dette ikkje er mogleg, skal serveringbestikk, maskiner og behaldarar for tilbehøyr blir ofte skifta eller blir reingjort grundig ofte.

Kollektivreiser

Alle som nyttar kollektivtransport, skal vere særleg oppmerksame på å følgje dei personlege hygienerestriksjonane, og ta særleg omsyn til sine medreisende

  • Bruk papirlommetørkle som du kastar etter bruk når du må hoste/nyse.
  • Har du ikkje lommetørkle tilgjengeleg kan du hoste/nyse i olbogekroken.
  • Vask hendene ofte og grundig med såpe og vatn, spesielt når du har vore ute blant folk.
  • Om du ikkje har høve til å vaske hendene med såpe og vatn kan du bruke alkoholhaldig desinfeksjonsmiddel

Klesvask og reingjering

  • I hushaldningar der det ikkje er bekrefta smitte med koronavirus kan reinhald utførast som vanleg. Vanlege reinhaldsmidlar kan brukast. 
  • I hushaldningar der det er påvist smitte og isolering i heimen er aktuelt, sjå Råd til pasientar som blir isolert i heimen 

Andre førebyggjande råd

  • Som eit generelt råd ved alle infeksjonar, bør sjuke personar halde seg heime og ikkje komme på jobb/studiestad/skule/barnehage. 
  • Frå 12. mars innførte Helsedirektoratet restriksjonar for besøkande til alle landet sine helseinstitusjoner.
    Dersom besøk ikkje er til å unngå, må avdelinga kvar pasienten ligg, først kontaktast per telefon, slik at nødvendige smitteverntiltak kan iverksettast.
  • Begrens handhelsing, kyssing og klemming – dette kan redusere overføring av smitte. 
  • Hald minst éin meters avstand til både friske personar og dei som hostar eller nys, når det er mogleg. Det inkluderer å avgrense kontakt med andre, deltaking i fritidsaktiviteter, restaurantbesøk osv. der det er mogleg.
  • Unngå å ta offentleg transport om mogleg. Unntak gjeld for personar med kritiske samfunnsfunksjonar som skal komme seg til og frå jobb og kunne halde avstand til hverandre.
  • Unngå så langt det er mogleg å ta deg i ansiktet – virus kan overførast fra hendene til munnen og slimhinnene i auge og nase. Derifrå kan viruset transporterast inn i kroppen
  • Det er ikkje anbefaltå bruke munnbind for friske personar utanfor helsetenesta