Sula kommune

Slik bestiller du time for testing

Det er viktig at du bestiller time før du møter opp til testing.

Finn ut om du bør testast

Vi ber om at alle som vurderer å teste seg tar den sokalla Koronasjekken først. Her svarar du på nokre enkle spørsmål, og basert på svara dine får du ei tilråding på om du bør testast eller ikkje. Helsevesenet er pressa på kapasitet så det er ikkje ønskeleg at vi gjennomfører mange testar som ikkje er tilrådd. Lenke til Koronasjekken finn du på sida der du bestiller test.

Dersom fleire i same familie har dei same symptoma, tilrår vi at berre ein blir testa slik at vi ikkje testar fleire enn det som er nødvendig

Slik bestiller du koronatest

  • Gå til https://c19.no Følg lenka til Koronasjekk for å sjå om du bør teste deg.
  • Trykk på «Bestill tidspunkt for testing» og logg inn med digital ID, til dømes BankID.
  • Fyll ut skjemaet. Merk at du også kan bestille testing på vegner av andre.
  • Når du har sendt inn skjemaet blir du tildelt første ledige tidspunkt for testing.
  • Du får opp ei kvittering på bestillinga di. Merk deg kvar og når du skal møte opp. Kvitteringa inneheld også andre opplysningar som det er viktig at du leser. I kartet under ser du kvar du skal køyre og vente når du skal testast.

Bestill koronatest her


Om du ikkje har høve til å betille test elektronisk, kan du ringe legekontoret på telefonnummer 70 19 91 60 mellom klokka 09:00 og 15:00 måndag til fredag for å avtale testing.

 

Klikk for stort bilete