Sula kommune

Slik handterar vi lokale smittutbrot

Slik informerer vi om lokale smittutbrot

Heimesida til Sula kommune blir oppdatert kvar dag med antal smitta.

Det blir gjort ein grundig jobb med sporing av smitte, og dei som kan tenkast å vere berørt blir varsla direkte.  Personar som er smitta blir sette i isolasjon. Personar som har vore i kontakt med dei smitta blir sette i karantene, og testa for smitte om dei viser symptom på sjukdom. Personar utan symptom blir  skal normalt ikkje testast, men kan bli testa på spesiell indikasjon.

Om du ikkje høyrer frå oss betyr det at vi ikkje har grunn til å tru at du har vore i kontakt med personar med påvist smitte.

Her kan du lese meir om smitte og testing

Slik er beredskapsarbeidet organisert 

Kven er det eigentelg som bestemmer korleis Sula kommune skal handtere koronaepidemien? Kven er det som avgjer kva som er lov og kva som ikkje er lov?

Klikk for stort bilete

Overordna nasjonalt nivå

Dei fleste av koronatiltaka er felles for alle i Noreg og vedtatt på eit overordna nasjonalt nivå. Men også det kommunale nivået er viktig i kampen mot covid-19 og iverksettinga av mange av dei nasjonale tiltaka skjer på det kommunale nivået. I tillegg kan kommunen vedta eigne lokale tiltak.

Kommunestyret, kriseleiinga og kommuneoverlegen

Kommunestyret representerer innbyggjarane og er kommunen sit øvste politiske organ. Saker som er prinisipielt viktige og som har stor betydning for innbyggjarane i kommunen skal normalt behandlast i kommunestyret.

I krisesituasjonar er det behov for å kunne handle raskt og få sett i verk avvergande eller bøtande tiltak. I slike situasjonar har Sula har kommunestyret delegert spesiell mynde til kriseleiinga i kommunen. Kriseleiinga har alle fullmakter som er naudsynte for å sette i verk skadeavgrensande tiltak i ein krisesituasjon eller når ei krise truar.

Kriseleiinga er sett saman av politikarar (ordførar og varaordførar) i tillegg til leiarar og nøkkelpersonell i administrasjonen. Kommuneoverlegen er sentral i kriseleiinga, både i kraft av helsefagleg kompetanse og i kraft av fullmaktene som er lagt til denne posisjonen i mellom anna smittevernlova. Kriseleiinga gjorde mange vedtak i mars som fekk konsekvensar for innbyggjarane i Sula, ikkje minst gjennom reduksjon og stenging av ulike kommunale tenestetilbod. Dei fleste av desse tilboda er no tilbake på normalt nivå.

Pandemigruppa

I tillegg til kriseleiinga, har kommunen ei eiga beredskapsgruppe for takling av alvorleg pandemi – pandemigruppa. Denne er leiia av kommuneoverlegen. Smittevernlova gir kommuneoverlegen mynde til å gjennomføre nødvendige tiltak. Pandemigruppa møtast fleire gonger i veka for å utveksle informasjon og drøfte konkrete problemstillingar. Mange av dei smittevernfaglege spørsmåla frå kommunen internt, og frå innbyggjarar/arrangørar i kommunen blir tatt opp her. Problemstillingar som er av prinsipiell karakter eller som omfattar/berører ein større del av kommuneorganisasjonen blir løfta frå pandemigruppa og opp til kriseleiinga.

Kommunale planar