Sula kommune

Smittestatus i Sula kommune

Sist oppdatert 20.01.22

  • Torsdag13. januar 3 positive PCR-testar, 1 positiv hurtigtest
  • Fredag 14. januar 2 positive PCR-testar, 2 positive hurtigtestar
  • Laurdag 15. januar 1 positiv PCR-test
  • Søndag 16. januar  1 positiv PCR-test, 1 positiv hurtigtest
  • Måndag 17. januar 4 positive hurtigtestar
  • Tysdag 18. januar 13 positive PCR-testar, 6 positive hurtigtest
  • Onsdag 19. januar 5 positive PCR-testar, 2 positive hurtigtestar

Totalt har 462 personar i Sula kommune vore smitta sidan mars 2020.

Er ikkje tala oppdaterte? Det er i så fall fordi vi har vore nøydd til å prioritere andre arbeidsoppgåver. Du  finn smittetal for Sula kommune på Folkehelseinstituttet (FHI) . Desse tala er oppdatert til ei kvar tid og er innrapportert av laboratoria som analyserer PCR-testane. Du finn også tal på koronasmitta på vg.no

Vi gjer merksam på at oversikta til FHI og VG inkluderer alle som er folkeregistrert i Sula kommune. Personar som er folkeregistrert i Sula kommune, men som ikkje oppheld seg her når dei testar positivt, har ikkje vore med i våre lokale tal, tala frå FHI kan derfor vere noko høgare.

Ofte stilte spørsmål om koronasmitte 

Korleis forhindre smitte

Det viktigaste vi kan gjere for å halde smittetrykket nede er å følge dei nasjonale smittevernråda. 

Tenk gjennom om du har behov for å møte opp fysisk, eller om saka di kan løysast på andre måtar, for eksempel. pr. telefon, internett , e-post eller chat.

Ver snar å ta kontakt for testing, sjølv ved milde symptom.

Les meir om korleis du kan forhindre smitte på www.fhi.no eller på www.helsenorge.no

For å hindre spreiing av smitte kan kvar og ein av oss følgje nokre enkle råd: 

 

 

Symptom på koronavirus
Når skal du halde deg heime?

Folkehelseinstituttet  har utarbeidd flytskjema for når ein skal halde seg heime, reglane er litt ulike alt etter kva aldersgruppe du er i

Artiklar om smittestatus i Sula kommune

I perioden torsdag 18. til søndag 21. november har Sula kommune fått melding om 10 nye smittetilfelle, 7 er stadfesta med PCR-test, 3 har testa positivt på hurtigtest.

6 av tilfella er nærkontakter, 4 har ukjend smitteveg. Om lag halvparten av dei smitta er vaksinert.

I perioden måndag 15. til torsdag 17. november har Sula kommune fått melding om 9 nye smittetilfelle.

I perioden onsdag 10. til søndag 14. november har Sula kommune fått melding om 11 nye smittetilfelle.

Sidan sist fredag har Sula kommune fått melding om ni nye smittetilfelle. Sju har testa positivt på PCR-test, to på hurtigtest. I fire av tilfella er smittekjelde ukjent, fire er nærkontakt og ein testa positivt ved innreise.

Dei smitta er frå 1 – 75 år og fire av ni er vaksinert. 

Onsdag 03. november vart det stadfesta 4 nye smittetilfelle i Sula kommune. Eit av tilfella er tilknytt innreise. Dei tre andre tilfella har ikkje kjend smitteveg. Dei fire tilfella har ikkje tilknytning til kvarandre.

Sula kommune fekk melding om 3 nye smittetilfelle tysdag 21. september.

  • 1 smitta med kjent smitteveg
  • 1 smitta med ukjent smitteveg 
  • 1 person som testa positivt på hurtigtest, kjent smitteveg

Nærkontakter er varsla.

Sula kommune har fått melding om eit nytt smittetilfelle måndag 20. september. Smitteveg er kjent og nærkontakter er varsla.

Sula kommune har fått melding om to nye smittetilfelle i løpet av helga. Begge tilfella har kjent smittekjelde relatert til andre kommunar. Nærkontakter er varsla.

Sula kommune har fått melding om eit nytt smittetilfelle måndag 13. september. Den smitta er elev ved Sula ungdomsskule. Smitteveg er kjent, nærkontakter er varsla og testa.

Sula kommune har fått melding om to nye smittetilfelle laurdag 11. september.  I begge tilfella er smitteveg kjend og nærkontakter informert.