Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Reduserte og stengde offentlege tilbod i Sula kommune

Her har vi samla ei oversikt over kommunale tilbod som er redusert eller er heilt stengde. Her vil det raskt kunne skje endringar etter kvart som situasjonen utviklar seg, men vi prøver å halde informasjonen oppdatert.

Kommunale tilbod som er endra, reduserte eller stengde

Barnehagar

Barnehage

Informasjonsfilm om opning av barnehagane - for føresette

 

Informasjonsfilm om opning av barnehagane - for barn

 

Kva er dei kritiske samfunnsfunksjonane?

Helsedirektoratet opererar med følgjande definisjon av kva grupper som arbeider med kritiske samfunnsfunksjonar:

  • Styring og kriseledelse
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningstjeneste
  • IKT-sikkerhet i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningssikkerhet
  • Vann og avløp
  • Finansielle tjenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstjenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tjenester
  • Apotekene

 Det vil vere gråsonefunksjonar her som ein må vurdere i kvart enkelt tilfelle.

Pass av andre sine barn

Som følge av beslutninga om å stenge barnehagar og skular har det dukka opp grupper i sosiale medium der det blir tilbydd barnepass. Dette rådar vi sterkt i mot.

Hensikta med å stenge barnehagar og skular er, i tillegg til å hindre spreiing av viruset, å ha kontroll på smittesporing. Ei ordning med uoffisielle grupper for barnepass vil gjere denne oppgåva veldig vanskeleg.

Sjølv om vi forstår at desse initiativa er gjort i beste meining, og er meint som eit positivt bidrag i den vanskelege situasjonen samfunnet står i, vil vi difor likevel sterkt frårå slike ordningar.

Betaling av barnehage og SFO når tilbodet er stengt

Det skal ikkje krevast betaling for barnehage og SFO for perioden tilbodet er stengt på grunn av smittefare. 

Faktura for barnehage og SFO er no sendt ut for april. Der har barnehagen/SFO lagt inn fråtrekk for både kostpengar og for dagane barnehagen var stengt i mars. (13 dagar).

Fråtrekk for stengt barnehage i april kjem på faktura for mai.

Det vil bli kravd ordinær betaling frå og med 20.04 for barnehagar og 27.04. for SFO.  Regjeringa har bestemt at dei som får eit tilbod i barnehagane før ordinær opning skal betale for plassen f.o.m. 14.04.20. Når barnehagar og SFO opnar igjen vil det bli kravd ordinær foreldrebetaling frå og med den dagen barnet får tilbod om plass. Så lenge barna må ha med mat sjølve vil det blir fråtrekk for kostpengar.

Det blir kravd ordinær foreldrebetaling for alle, sjølv om tilbodet er avgrensa i forhold til normalsituasjonen. Dersom foreldre på eige initiativ ikkje vil sende barn i barnehage og SFO, må dei likevel betale for tilbodet. Det er gjort unntak for barn som er i risikogrupper og derfor ikkje kan nytte tilbodet.  Føresette må i så fall melde frå om dette, og sende dokumentasjon frå fastlege til styrar, som vil gjere eit enkeltvedtak om betalingsfritak.

Familiar med låg inntekt kan søke om redusert foreldrebetaling . ​​​​​

Føresette til barn som mottar tilbod i barnehage eller SFO, men som vel å ikkje benytte det, må likevel betale for tilbodet.

 

Skular og SFO

Utdanningsdirektoratet har bestemt at skular 1. - 4. trinn og SFO kan opne frå 27. april. Vi kjem tilbake med meir konkret informasjon for skulane og SFO i Sula kommune i løpet av neste vek (veke 20).

Skule og SFO

Informasjon i samband med opning av skule og SFO 27.april
Kven har rett til plass i omsorgstilbod?

Helsedirektoratet gir føringar om at barnehagar og skular skal sørge for eit tilbod til barn av føresette som jobbar i helse- og omsorgstenesten, transportsektoren eller innan andre kritiske samfunnsområder. Føremålet med dette tiltaket er at vi skal kunne oppretthalde verksemda innan helse og omsorg og andre kritiske samfunnsfunksjonar og å unngå at personar i risikogrupper blir brukt som barnevakt.

Retten til eit omsorgstilbod vert handsama av den enkelte skule og barnehage, og tilbodet vert gitt ved barnet sin barnehage eller skule frå og med måndag 16. mars og i den perioden skulane og barnehagane er stengt.

Føresette som kvalifiserar for eit omsorgstilbod på grunn av sitt arbeid med kritiske samfunnsfunksjonar, må levere stadfesting med dokumentasjon frå arbeidsgjevar. Dokumentasjon må leverast til skule/barnehage måndag den 16. mars slik at den kan bli vurdert. Helse- og omsorgspersonell treng ikkje legge fram slik dokumentasjon. Retten til omsorgstilbod gjeld for barn under 12 år der begge føresette har ein kritisk samfunnsfunksjon, eller der det er ein einsleg føresett som har slikt arbeid. 
 

Undervisningstilbod til skuleelevar som er heime

Det vil bli lagt opp til fjernundervisning av elevar som er heime ved hjelp av ulike digitale læringsplattformer. De vil få nærare informasjon frå skulane om korleis dette skal skje.  

 

Kva er dei kritiske samfunnsfunksjonane?

Helsedirektoratet opererar med følgjande definisjon av kva grupper som arbeider med kritiske samfunnsfunksjonar:

  • Styring og kriseledelse
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningstjeneste
  • IKT-sikkerhet i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningssikkerhet
  • Vann og avløp
  • Finansielle tjenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstjenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tjenester
  • Apotekene

 Det vil vere gråsonefunksjonar her som ein må vurdere i kvart enkelt tilfelle.

Pass av andre sine barn

Som følge av beslutninga om å stenge barnehagar og skular har det dukka opp grupper i sosiale medium der det blir tilbydd barnepass. Dette rådar vi sterkt i mot.

Hensikta med å stenge barnehagar og skular er, i tillegg til å hindre spreiing av viruset, å ha kontroll på smittesporing. Ei ordning med uoffisielle grupper for barnepass vil gjere denne oppgåva veldig vanskeleg.

Sjølv om vi forstår at desse initiativa er gjort i beste meining, og er meint som eit positivt bidrag i den vanskelege situasjonen samfunnet står i, vil vi difor likevel sterkt frårå slike ordningar.

Betaling av barnehage og SFO når tilbodet er stengt

Det skal ikkje krevast betaling for barnehage og SFO for perioden tilbodet er stengt på grunn av smittefare. 

Faktura for barnehage og SFO er no sendt ut for april. Der har barnehagen/SFO lagt inn fråtrekk for både kostpengar og for dagane barnehagen var stengt i mars. (13 dagar).

Fråtrekk for stengt barnehage i april kjem på faktura for mai.

Det vil bli kravd ordinær betaling frå og med 20.04 for barnehagar og 27.04. for SFO.  Regjeringa har bestemt at dei som får eit tilbod i barnehagane før ordinær opning skal betale for plassen f.o.m. 14.04.20. Når barnehagar og SFO opnar igjen vil det bli kravd ordinær foreldrebetaling frå og med den dagen barnet får tilbod om plass. Så lenge barna må ha med mat sjølve vil det blir fråtrekk for kostpengar.

Det blir kravd ordinær foreldrebetaling for alle, sjølv om tilbodet er avgrensa i forhold til normalsituasjonen. Dersom foreldre på eige initiativ ikkje vil sende barn i barnehage og SFO, må dei likevel betale for tilbodet. Det er gjort unntak for barn som er i risikogrupper og derfor ikkje kan nytte tilbodet.  Føresette må i så fall melde frå om dette, og sende dokumentasjon frå fastlege til styrar, som vil gjere eit enkeltvedtak om betalingsfritak.

Familiar med låg inntekt kan søke om redusert foreldrebetaling . ​​​​​

Føresette til barn som mottar tilbod i barnehage eller SFO, men som vel å ikkje benytte det, må likevel betale for tilbodet.

 

Sula rådhus

Rådhuset opnar delvis for publikum torsdag 14.05.20. Vi opnar for personar som har avtalar med tilsette som jobbar på rådhuset, i tillegg er servicetorget opent som vanleg frå 08:00 -15:30. Vi ber alle som har avtalar om å møte presis, ikkje før avtalt tidspunkt.

For å redusere smitterisikoen oppmodar vil likevel til at du tenker over om du kan løyse saka di på ein annan måte enn ved personleg oppmøte.

Sentralbordet er ope som vanleg på telefon 70 19 91 00.

E-post kan sendast til: post@sula.kommune.no

Under "Finn tilsett" her på heimesida vår vil du også finne telefonnummer og e-post til mange av dei tilsette i hovudadministrasjonen.

Vi oppmodar elles alle til å lese den informasjonen vi legg på heimesida, vi prøver å halde den oppdatert til ei kvar tid. Vi legg også ut oppdateringar på Facebook og svarar på henvendigane vi får på Messenger.

Besøk til sårbare grupper

Kriseleiinga har bestemt at eldreinstitusjonar, bufellesskap og bustader med sårbare grupper i utgangspunktet er stengt for besøkande, med unntak av ved kritiske situasjonar. Besøk må avklarast med leiinga av den aktuelle institusjonen.

Besøksrestriksjonane i helse- og omsorgsbustadar er eit tiltak for å hindre at ein får smitte inn på institusjonane. Dette for å hindre at den enkelte brukar vert sjuk, men også for å hindre smittespreiing til dei andre bebuarane og personalet.  Dette er eit omsyn som veg tungt då vi veit at mange brukarar er i risikogruppa for alvorleg sjukdom ved smitte av Korona.

Vi viser til Helsedirektoratet sin veileder av 15.03.2020 der denne anbefalinga er presisert:

Alle helseinstitusjonar skal innføre adgangskontroll og besøksstans

For å verne sårbare pasientar og brukarar mot smitte er det no nødvendig med adgangskontroll og alminneleg besøksstans i alle landets offentlege og private helse- og omsorgsinstitusjonar, samt i fellesareal i omsorgsboligar mv. Tiltaka må omfatte alle besøkande, inkludert pårørande til bebuarar og pasientar, frivillige hjelparar og andre som leverer tenester og bidrar med aktivitetar ved institusjonen.

Oppmoding

Vi er klar over ulempene restriksjonane kan påføre brukarar og pårørande. Mange tenestemottakarar vil oppleve at tenestetilbodet blir redusert for ein periode. Det vil vi beklage og samstundes ber vi om forståing for at dette er naudsynt for å beskytte og ta vare på dei mest sårbare av innbyggarane våre.

Meir om enkelte einingar/avdelingar

Sulatunet: 
Besøk utandørs med minimum 1 meters avstand. Kun nære pårørande kan kome på besøk. Dei skal signerast inn i besøksprotokoll. Kun ein besøkende pr gang. Pasientane kan få besøk ein gong kvar veke. God handhygiene før og etter besøk. Det skal avtalast klokkeslett for besøk. Den besøkande kan være maks 30 min. Besøkande må vere friske og rette seg etter generelle smittevernreglar.

Molværsvegen 15/17/19 og Sloghaugvegen 28:
Besøksforbod. Ved unntak fører vi besøksprotokoll.
Pårørande får kome etter avtale med ansvarsvakta, eit bestemt klokkeslett. Besøk i hage. 
Ved terminalpleie får næraste pårørande kome inn.  Maks 3 personar om gongen.
Besøkande må være friske og rette seg etter generelle smittevernreglar. Dei blir møtt av pesonalet. Pårørande kjem til avtalt klokkeslett. Pårørande må sprite hendene når dei kjem og når dei går og når dei skal forlate huset.

Molværsvegen 11:
Det vert ført besøkslogg og i hovedsak har bebuerane  besøk av nære pårørande . Desse oppheld seg ikkje i fellesareal, men går rett til bustaden til den dei skal besøke. Besøkande må være friske og rette seg etter generelle smittevernreglar.

Endringar i heimetenestene

Mange har spørsmål om korleis vi i heimetenestene (HBO) fungerar no i desse koronatider. Under finn du svar på nokre av dei vanlegaste spørsmåla vi får.

Endringar i heimetenestene

Korleis jobbar vi for å unngå smitte?

Vi har i desse tider eit ekstra stort fokus på å minske moglege smittevegar. Mange av våre brukarar er i risikogruppa for å bli alvorleg sjuk av dette viruset, og vi har derfor innført tiltak for å redusere risiko. Døme på slike tiltak er:

  • Vi har innarbeidd gode hygienetiltak i tillegg til den naturlege handvasken. T.d.vert handtak, tastatur, telefonar, flater og liknande reingjort for kvart vaktskifte. Vi desinfiserer også ratt, dørhandtak m.m i bilane for kvar vakt. Likeeins prøver vi å halde avstand til kollegaer på jobb, t.d.ved at alle ikkje tek matpause på same rom, ikkje sit for tett på i rapportar og liknande.
  • Om nokon av personalet t.d.opplever å bli akutt forkjølt, held dei seg vekke frå arbeid til dei er symptomfrie eller til dei er undersøkt for koronasmitte.
  • Det går meir av andre virus enn korona, og du kan difor oppleve at personalet bruker munnbind om dei er litt forkjølt, dette for å unngå smittespreiing.
  • Vi har sett i verk tiltak der vi har begrensa tal på personell som går til kvar enkelt brukar.   
Har vi nok folk?

Vårt mål er å ha nok personale på jobb til ei kvar tid. Utfordringane kan kome dersom vi får mange brukarar som er smitta og/eller dersom mange i personalgruppa vert smitta. Vi har derfor gjort fleire grep for å bu oss på ein slik situasjon.

Vi har mellom anna lært opp nokre av dei som skal vere ferievikarar slik dei kan trå til på kort varsel allereie no om det vert behov for det. Vi har også redusert litt på tilbodet til enkeltbrukarar der vi har funne det forsvarleg, eller ved at pårørande kan bistå.

Vi har også innhenta lister over helsepersonell som har meldt seg til kommunen, og over personell i andre einingar i kommunen som kan bistå dersom behovet kjem. I tillegg har mange i tenestene meldt at dei kan ha kapasitet til å jobbe ekstra.

Vi er glad for at mange er villig til å yte ekstra i den situasjonen vi no står i. Til no har tilgongen på personal vore god, og vi har kunna bemanna litt opp for mellom anna å kunne yte tenester til dei som heime på grunn av stengde dagsenter.

 

Kva kan pårørande bidra med?

Vi ber om at familie eller andre aktuelle som har muligheit til å bistå sine med t.d. tillaging av måltid, augedrypping, støttestrømper, medisin, dusj/personleg hygiene og eventuelt andre oppgåver, tek kontakt med oss. Dette vil medverke til at vi i heimetenestene i større grad kan prioritere ressursane inn mot dei mest kritiske behova.


 

Kva om det vert mange smitta?

Dersom det vert mange smitta vil dette kunne få konsekvensar for tenesteytinga vår ein periode. Vi beklager ulemper dette kan føre til. Tiltak som kan vere aktuelle er:

  • Midlertidig reduksjon av tilsyn/bistand – dei det gjeld vil få nærare beskjed. Det kan bli aktuelt å erstatte tilsyn med t.d. ringetilsyn.
  • Hjelp til dusj kan måtte endrast i perioden, dette med tanke på minst mogleg nærkontakt. Dette blir vurdert opp mot den einskilde sin samla situasjon.
  • Helsehjelpa vil bli meir avgrensa der dette blir vurdert som forsvarleg, med færre  og/eller kortare tilsyn frå HBO.
  • Tillaging av brødmåltid som no blir gjort av HBO kan verte avgrensa. Middag vert som no levert på trappa, då kjøkkenpersonalet ikkje kan gå inn i heimane på grunn av smittafare.
  • Vert personalsituasjonen kritisk, kan praktisk bistand som husvask opphøre for ein periode, då personalet må omdisponerast til pleie.
Kva om eg som er brukar vert sjuk eller blir eksponert for smitte?

Det er svært viktig at du som er brukar hos oss gir beskjed til oss per telefon dersom du har vore i kontakt med personar med påvist koronasmitte.

Vi ber også om at de gir beskjed til oss dersom du som er brukar har forkjølingssymptom og/eller om du har vore i nærkontakt med nokon som er forkjøla utan at det er påvist korona. Vi kan med denne kunnskapen ta forholdsreglar før vi går inn i heimen din.

Pårørande kan ringe dersom dette er vanskeleg for deg.

 

Korleis ta kontakt med oss?

HBO indre:

Personalbase: 47 62 08 34
Vakttelefon: 90 58 57 86

HBO ytre:

Personalbase: 70 19 87 11
Vakttelefon: 95 83 07 10

Vi ber om at du først prøver å nå oss på personalbasen før du ringer vakttelefonen.

 

Kommunelegekontoret

Grunna situasjonen med koronaviruset og smittefaren har Kommunelegekontoret i Sula lagt om rutinene sine.

  • Ingen skal møte på legekontoret utan å ha vore i telefonisk kontakt på førehand, helst same dag. Telefon 70 19 91 60
  • Personalet på kommunlegekontoret er delt i to grupper som kvar er på jobb ei veke om gongen. Den gruppa som ikkje er fysisk til stades på kontoret vil kunne foreta konsultasjonar på data, telefon og liknande

Tiltaka er innført for å skjerme pasientar og dei tilsette frå smitte slik at vi kan oppretthalde eit kommunalt legetilbod.

Vi har opplevd at enkelte ikkje respekterer reglane. Ein konsekvens av dette vil kunne vere at det blir satt opp vakthald ved inngangsdøra til kommunelegekontoret.

Besøklegen

Besøklegen.no kan du bestille ein eKonsultasjon og motta eBrev (elektronisk brev) frå legen, du kan også fornye respetar og kontakte resepsjonen på kommunelegekontoret. 

Du vil få beskjed på SMS eller e-post når saka di har blitt behandla, eller dei ringer deg tilbake.

Om du skal bruke eKonsultasjon, eller lese eBrev må du logge deg på med BankId. 

Om du treng hjelp til dette kan du ringe servicetorget på 70 19 91 00.

 

Jordmor og helsestasjon

Helsestasjonen opnar gradvis opp for meir besøk. Frå og med 04. mai kan du igjen få avtale med helsesjukepleiar, men følgande reglar må overhaldast grunna smittefaren:

  • Alle som kjem til helsestasjonen skal vere friske, utan hoste, snue eller liknande
  • Møt presis ( ikke for tidlig)
  • Meld frå i ekspedisjonen når du kjem
  • Viss du må vente, vent i yttergang eller utandørs til helsesjukepleiar hentar deg
  • Berre ein forelder får følgje barnet inn til helsesjukepleiar.

Jordmor

Viktig før jordmorkontroll på helsestasjonen:

  • Alle gravide møter åleine
  • Hvis du er sjuk/forkjøla/karantene skal du ikkje møte
  • Møt presis ( ikke for tidlig)

Bruk Helsenorge.no for informasjon Svangerskap/Fødsel

Sjå også siste informasjon frå Fødeavdelinga Ålesund sjukehus

Skulehelsesjukepleiarane har heimekontor og du når dei på telefon:

Margun på Langevåg skule                tlf 917 02 364

Berit på Langevåg skule                    tlf 917 07 288

Therese på Fiskerstrand skule            tlf 917 05 061

Synnøve på Måseide skule                 tlf 901 98 029

Anita på Solevåg skule                       tlf 917 04 309

Irene på Sula ungdomsskule              tlf 479 06 686

Ta kontakt om du treng å snakke med oss.

Ta kontakt på telefon

Vi vil hjelpe så godt vi kan på telefonen. Dette gjeld alle brukarar av helsestasjonen, gravide, foreldre, barn og ungdom.

Helsesestasjonen er bemanna for telefon måndag –fredag 08:00 – 15:00  telefon: 70 19 91 36

Unngå å bli smitta. Vask hender og hald avstand

NAV Sula

NAV har stor pågang på telefonen i desse dagar og ber om at flest mogleg nyttar tenestene som ligg på nett

Dersom du må snakke med ein veileder, er mottaket betjent gjennom telefon  484 06 397 i vanlig opningstid:

Mandag – onsdag – fredag  kl 10:00 – 12:00

Kontaktinformasjon: www.nav.no eller telefon 5555 3333

Dagsenter

Alle dagsenter held stengt inntil vidare.

Borgarleg vigsel

Rådhuset er igjen opent for vigsel, men talet som kan vere med under vigselen er inntil vidrare begrensa grunna omsyn til smittevernreglane.

Her finn du meir informasjon om vigsel i Sula kommune.

Biblioteket

Biblioteka (i Langevåg og Mauseidvåg) er stengt for publikum, og alle arrangement er avlyst.

Du kan få bøker bringa heim til deg

Sula bibliotek har fått godkjenning frå kommuneoverlegen og pandemigruppa i kommunen til å tilby ei utlånsordning der du kan få bøker bringa heim til deg tysdagar (12-14) og torsdagar (18-20). Ordninga er eit i samarbeid med Sula Frivilligsentral og gruppa »Sula hjelper Sula».

Du kan bestille bøker frå biblioteket på telefon 70 19 79 10, på e-post til sula.bibliotek@sula.kommune.no eller ved å logge deg på nettsida www.mrbiblioteket.no/sula.

Sidan fjernlån mellom biblioteka i Norge er stoppa, er det berre materiale som Sula bibliotek eig som kan lånast.

Innlevering av bøker

Du kan levere inn bøker i innleveringskassa utanfor biblioteket i Langevåg eller i innleveringsluka ved biblioteket i Mauseidvåg (døgnope).

Meir informasjon om biblioteket

Følg gjerne med på heimesida vår: www.mrbiblioteket.no/sula og på Facebook-sida vår.

Støttekontakt og avlasting

Ordningane med støttekontakt og avlasting er gjenopna, men av omsyn til smittevernet er tilbodet framleis redusert.

Molvær senter

Molvær senter er gjenopna, men av omsyn til smittevernet er tilbodet framleis redusert.

Hallar og gymsalar

Det er  bestemt at kommunale bygg blir opna igjen. Hallane er tilgjengeleg for lag og organisasjnar med faste treningstider, men det er ikkje opna for utleige til private arrangement inntil vidare. Gymsalane er ikkje tilgjengelege enno då dei til dels blir brukt som klasserom grunna smitteverntiltak.

Det er brukarane (laga og organisasjonane) som har ansvar for å følgje gjeldande nasjonale smittevernreglar, de må sjølv etablere rutinar som sikrar dette. 

Lenke til nasjonal smittevernrettleiar finn de her.

Arrangement i kyrkja

Redusert tilbod i kyrkja

Sjølv om det ikkje er opna for vanlege gudstenester i kyrkjene endå, så sender vi videoandakter og har opne kyrkjer – følg med i Sulaposten og på facebooksida vår, Sula kyrkjelyd eller nettsida vår, som du finn her.
Kyrkjelege handlingar som dåp, vigsel og gravferd blir gjennomført. For å avtale dåp og vigsel ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 70 19 96 00.

Det er no opna for at det kan vere maks 50 stk. (inkl. ansatte i kyrkja) til stades ved kyrkjelege handlingar.
Vanlege reglar om 1 meter avstand og andre smitteførebyggjande tiltak gjeld. Følg anviste retningslinjer i kyrkjene.

Samtale med prest/diakon

Ynskjer ein kontakt med prest eller diakon i høve - ein til ein - samtale så kan ein ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 70 19 96 00 eller ringe vakttelefonen vår: 408 48 923 så set vi deg i kontakt med rette vedkommande.