Sula kommune

Innspel til kulturminneplan

Sula kommune skal i gang med å lage ein temaplan for kulturminne. Ein kulturminneplan er ei oversikt over viktige kulturminne og kulturmiljø i kommunen og ein plan for forvaltinga av desse.  Planen skal gje kunnskap om fortida og seie noko om kva kulturminne ein vil ta vare på i framtida.

Kom med innspel!

I dette arbeidet treng vi innspel frå innbyggjarane- kva slags kulturminne og kulturmiljø ynskjer de skal vere med i kulturminneplanen?

Kom gjerne med forslag knytt til følgjande tema:

  • «Fiskarbonden»:  til dømes gardstun med eldre og godt bevarte bygningar, naust og sjøhus, kvernhus, kulturlandskap
  • Teknikk, industri, næring: til dømes til dømes viktige industribedrifter i kommunen
  • handel og samferdsel: handelsstader/ tettstader, kaier, vegar
  • Utmark: til dømes stølar, sommarfjøs, uteløer
  • Skular, lag- og foreiningshus, bedehus

Andre tema kan også leggjast til.

Det er viktig at innspela inneheld basisinformasjon om kulturminnet/kulturmiljøet. Det må vere ei kort skildring  og nok opplysningar til at ein kan kartfeste kulturminnet. Det vil seie anten gard- og bruksnummer, adresse, koordinatar eller vedlagt kartutsnitt med markering. Om det er skriftlege kjelder der kulturminnet er omtala, er det også fine opplysningar å få.

Innspel sendast på epost til: oddhild@arkeoraad.no innan 20. desember 2021. Merk eposten med «Innspel kulturminneplan, Sula kommune».