Sula kommune

Justert vaksinetilbod

I tida framover vil vaksinetilbodet i Sula kommune bli justert ned frå vaksinering kvar onsdag, til vaksinering kvar 2. eller 3. onsdag. 

Det er god vaksinedekning i Sula kommune. At få bestiller seg time til vaksine skuldast nok derfor at veldig mange har fått dei vaksinane dei skal ha.

Vi oppmoder likevel alle som ikkje er fullvaksinerte i følge helsemyndigheitene sitt koronvaksinasjonprogram,  til å bestille seg time for vaksine. Smitten aukar kraftig og sjølv om omikron er vurdert til å vere mildare enn tidlegare variantar av viruset, vil nokon kunne bli alvorleg sjuke.

Planlagte vaksinedatoar

Vaksineringa vil framleis foregå på Langevåg bedehus, O. A. Devoldvegen 7 i Langevåg. I tillegg vil ungdom mellom 12 og 24 år få tilbod om å ta vaksina på helsestasjon for ungdom i opningstida 15:30 og 17:00. Føresette kan vere med.

Vaksinedatoar på Langevåg bedehus

  • Onsdag 9. februar
  • Onsdag 2. mars
  • Onsdag 23. mars

Vaksinedatoar på helsestasjon for ungdom

  • Måndag 14. februar
  • Måndag 14. mars

Samtykkeskjema for ungdom 12 - 16 år

Personar som har fylt 16 år er helserettsleg myndig og kan sjølv samtykke til vaksinering. Dei som enno ikkje har fylt 16 år, må ha samtykke frå den eller dei som har foreldreansvaret. Om de er to føresette må begge signere på skjema. 

Samtykkeskjema

Eigenerklæringskjema

Ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema når du møter opp for å få vaksine, gjeld både for dose ein, to og tre. Om du ikkje har moglegheit til å skrive ut skjema heime, kan du hente skjema i servicetorget på rådhuset.

Slik bestiller du time

Bestill time på www.c19.no. 

Om du er i målgruppa for vaksinering, men ikkje får bestilt time på nett, kan du ringe koronateamet på telefon 70 19 9160 - tasteval 1 så vil dei hjelpe deg. Dei har opent frå 09:00 til 15:00 måndag til fredag.

Når du bestiller time vil du få tildelt første ledige time. Vi ber om at du prioriterer å møte til timen du får tildelt, men om du får ein time som absolutt ikkje passar, kan du ringe koronateamet på telefon 70 19 91 60 -tasteval 1 så vil dei hjelpe deg med å få flytta timen.