Sula kommune

Klima-, areal- og transportplan for region Ålesund – varsel om oppstart og høyring av planprogram

Fellesnemnda for nye Ålesund, Giske kommunestyre og Sula kommunestyre vedtok i møte 13. juni 2019, med heimel i § 11-12, jfr kap. 9 (interkommunalt plansamarbeid), å varsle oppstart av arbeidet med ein felles klima-, areal- og transportplan for region Ålesund. Vidare blei det vedtatt å legge forslag til planprogram ut til offentleg ettersyn

Ålesundsregionen er i sterk vekst og utvikling, og folk i regionen bur, arbeider og nytter fritidstilbod uavhengig av kommunegrensene. Klima-, areal- og transportplanen skal sjå utbyggingsareal og transportsystem på tvers av kommunegrensene, og stake ut ein felles, langsiktig og berekraftig kurs for korleis areal og trafikk skal forvaltast i regionen.

Planprogrammet utgjer første del av planprosessen, og er ei «oppskrift» på korleis planen skal utarbeidast. Planprogrammet skal mellom anna definere målsetting for planen, innhald i planen, kva utgreiingar som skal gjennomførast og korleis arbeidet skal leggast opp.

Merknadar til planprogrammet og/eller innspel til planarbeidet kan sendast på epost til postmottak@alesund.kommune.no , eller pr brev til Ålesund kommune, VH Plan og bygning, Postboks 1521, 6025 Ålesund.

Høyringsfrist er sett til 30.09.2019.

Plandokument:

Fann du det du leita etter?