Sula kommune

Kontroll på smittesituasjonen

Det har vore hektiske dagar for dei tilsette på legekontoret. Heldigvis ser smitteutbrotet ut til å vere under kontroll.

Klikk for stort bileteDet lokale smitteutbrotet med opphav på sjukehusapoteket har fått store konsekvensar  i Sula. 14 smitta og over 200 karantenesette er store tal for ein kommune på vår storleik. Det er mange grunnar til at vi no har smittesituasjonen under kontroll. Dei som vart smitta og dei karantenesette har gjort akkurat som dei skal, og bidratt til at viruset ikkje har fått spreie seg fritt. Dei tilsette på legekontoret har gjort ein formidabel innsats med sporing og testing, og frikyrkja hadde veldig god kontroll på kven som var til stades på gudstenesta som fann stad 4. oktober. 

Per i dag vurderar vi situasjonen som under kontroll. 14 sit framleis i isolasjon og 20 er i karantene. Vi har ikkje fått nye positive testresultat sidan onsdag kveld. Omlag 320 personar er testa siste veka, 154 berre på tysdag.

Vi meinar å ha kontroll no, men dette kan fort endre seg. Det er viktig at alle er forsiktige og tar smittevernet på alvor. Dersom du får luftvegssymptom, eller andre symptom på covid-19, må du halde deg heime og avtale testing.