Koronatesting i Sula kommuneLytt til tekstenStopp avspillingDet er ikkje lenger ei generell anbefaling å teste seg for korona ved nyoppståtte luftvegssymptom. Om du føler deg sjuk skal du halde deg heime, uavhengig av årsak. Bestilling av PCR-test Den kommunale teststasjonen er ikkje lenger i drift. Om du er sjuk og ønsker ein PCR-test, kan du kontakte kommunelegekontoret. Om du treng PCR-test til bruk i forbindelse med reise, må du kontakte private aktørar. Les meir om testing for korona på helsenorge.no Koronasertifikat og reisereglar Koronasertifikatet er avvikla innanlands, men er framleis i bruk i andre land. Du har har sjølv plikt til å sette deg inn i kva reglar som gjeld i det landet du reiser til. Koronasertifikatet ditt finn du på helsenorge.no, Om du ikkje er digital brukar kan du få utskrift av koronasertifikatet ditt ved å kontakte kommunelegekontoret. Om du er digital brukar, men treng utskrift og manglar skrivar, kan du bruke publikumspc ved servicetorget på rådhuset eller på bilblioteket. Les meir om koronasertifikat og reisereglar på Folkehelseinstituttet (FHI) sine sider. Hurtigtestar Gratis hurtigtestar vil vere tilgjengelege fram til september. Hurtigtestar til bruk i samband med reise skal du kjøpe på apoteket. Positive hurtigtestar skal ikkje lenger registrerast. I Sula kommune kan du hente gratis hurtigtestar til testing ved symptom på servicetorget og bibiloteket. Publisert 15.06.2022 12.19 Sist endra 16.06.2022 08.20