Koronavaksinasjon - slik varslar vi deg
Om du ikkje responderer på SMS'en i løpet av eit par dagar, vil du bli oppringt av helseavdelinga i Sula kommune. Du misser altså ikkje plassen din sjølv om du overser SMS'en.
Det er c19 som er avsendar av SMS'ane. Vaksina er gratis, om du får ein SMS der du blir bedt om førehandsbetaling eller andre økonomiske opplysningar, er den ikkje frå oss.
Vi vaksinerer no personar i alderen 75 - 84 år, vi vaksinerer etter alder, dei eldste først.
Om du er over 85 år og ikkje er blitt kontakta innan 1. mars må du ta kontakt med oss på telefon 70 19 91 60.
Sist endra20.02.2021 14.11