Sula kommune

Kulturprisen 2022 til Jostein Håland

Eit einstemmig fagutval for kultur og folkehelse har vedtatt at Kulturprisen for 2022 blir tildelt Jostein Håland.

Fagutvalet seier i si begrunning at Jostein er ein stor ressurs for Sula samfunnet. Han er ein frivillighetens mann som står voldsomt på for Langevåg IL i form av styreverv, diskgolf og generell dugnad. Han har utvikla Sula frivilligsentral til å bli en drivkraft for frivilligheita på Sula.
Innsatsen han legg ned ved frivilligsentralen er langt utover det ein kan forvente, og han har ei eiga evne til å engasjere andre frivillige.

Prisen på kr 15 000 og eit diplom, blir overlevert på årets siste kommunestyremøte, den 19. desember.