Kulturstipendet 2023 til Knut Håland
Eit samla formannskap har vedtatt å tildele Sula kommune sitt kulturstipend 2023 til Knut Håland.
Knut er 24 år og kjem frå Fiskarstranda, og har tross sin unge alder, representert Norge i fleire nasjonale og internasjonale meisterskap innan diskgolf.
Formannskapet si begrunning:
Han har vunne Kongepokalen, og norgescupen samanlagt fleire gonger. Knut har arbeidt seg opp over mange år, og er eit forbilde for andre unge i diskgolfmiljøet.
Hans største siger var i 2022, då han som første nordmann vann ein europaturnering i Stockholm. Knut ønsker å utvikle seg vidare som utøvar, og nytte stipendmidlane til perfeksjonering, reiser og opphald i USA.
Idretten på Sula har blitt betydeleg, og unge og gode forbilde er viktig for dei som kjem etter.
Stipendet er på kr 10 000 og blir overrekt Knut Håland på kommunestyremøtet den 19. desember
Sula kommune gratulerer og ønsker lykke til!