Kvifor varierer beløpet på faktura for kommunale avgifter? Lytt til tekstenStopp avspillingI løpet av denne veka (veke 10) vil vi sende ut faktura for kommunale avgifter, både til dei som har månadleg faktura og til dei som betalar kvartalsvis, forfall er 20. mars. Kvart år får vi spørsmål om kvifor beløpa på rekningane varierer gjennom året, det prøver vi å svare på her.Grunnen til at beløpa kan variere er vassmålaroppgjer og eigedomsskatt. For deg som mottek månadleg faktura, vil beløpa på fakturaen for januar, februar og mars kunne vere ulike. For deg som betalar kvartalsvis, vil det vere fakturaen for 1. kvartal som vil kunne avvike. I perioden april - desember vil fakturaene ha likt beløp.VassmålarOm du har vassmålar vil vassmålaroppgjeret ha betydning for kor mykje du må betale. For dei som har månadleg faktura kjem oppgjeret på fakturaen for februar, medan dei som har kvartalsvis faktura får oppgjeret på faktura for 1. termin. Om du har brukt meir vatn enn det som har vore estimert, vil fakturen kunne bli høgare enn resten av året, om du har brukt mindre vil den kunne vere lågare.EigedomsskattI Sula kommune er det Skattetaten si verdivurdering av bustaden som ligg til grunn for berekninga av eigedomsskatten. Desse tala er ikkje klare før i februar kvart år. Vi får derfor ikkje fakturert deg for eigedomsskatt i januar og februar, i staden blir eigedomsskatten for dei tre første månadane i året fakturert i mars. Om du betalar kvartalsvis, vil ikkje dette ha noko å bety.Nyttige lenkerVassmålarEigedomsskattFaktura for kommunale avgifterHer kan søke om å faktura ein gong i månaden (eller endre tilbake til kvartalsvis) Publisert 03.03.2025 11.30 Sist endra 03.03.2025 11.41