Sula kommune

Ledige vaksinetimar 01. desember

Smittetrenden i samfunnet er stigande og vi oppmodar alle som får tilbod om vaksine til å ta den. Du kan bestille time til vaksinasjon ved å gå inn på www.c19.no eller ringe servicetorget på telefon 70 19 91 00.

Oppfriskingsdose

Sula kommune er godt i gang med vaksinering med 3. dose til personar personar over 65 år. Over halvparten er allereie ferdig vaksinert. Alle i denne målgruppa, og som tok dose to for minst 5 månadar sidan, kan få tilbod om ei oppfriskingsdose før jul. 

Ungdom i alderen 12 - 17 år

Ungdom i alderen 12 til 17 år kan ta kontakt med kommunelegekontoret på telefon 70 19 91 60 (tasteval 1) og bestille time. 

Personar som ikkje har fylt 16 år, må ha samtykke frå den eller dei som har foreldreansvaret. Om det er to føresette må begge skrive under på skjemaet. Det er ikkje nok den eine fyller ut på vegne av begge.

Samtykkeskjema

Les meir om kvifor regjeringa har bestemt at denne gruppa no skal få tilbod om vaksine.

Om du ikkje har tatt vaksinen enno

Ansvaret for å beskytte seg mot viruset er no den enkelte sitt ansvar, det gjer ein best ved å ta vaksinen. Om du ikkje har tatt vaksinen enno oppmodar vi deg til å bestille time for vaksinasjon. 

Om du enno ikkje har respondert på SMS frå c19.no ber vi om at du følger lenken og bestiller time på nett.  

Om du har takka nei, eller avbestilt time tidlegare kan du ta kontakt med kommunelegekontoret på 70 19 91 60 (tasteval 1) for å bestille time.

Om du er usikker på om du vil ta vaksinen

I Sula kommune vaksinerer vi med vaksinen Comirnaty frå BioNTech og Pfizer, ein vaksine som gir små biverknadar, men god beskyttelse. 

Vi veit at det likevel er personar som av ulike grunnar er usikre på om dei skal ta vaksinen. Om du er ein av dei, kan du bestille time hos fastlegen din for å få meir informasjon og råd om kva som er rett for deg og din situasjon.