Sula kommune

Leve heile livet - rehabilitering og førebygging

I denne artikkelen kan du lese om arbeidet til rehabiliteringstenesta i Sula kommune. Du kan også lese om kva dette arbeidet har betydd for to av innbyggarane i kommunen som har fått hjelp til å trene seg opp att etter sjukdom og skade.

Leve heile livet

Klikk for stort bilete «Leve heile livet» er ei kvalitetsreform for eldre som skal vere innført i alle kommunar innan 2023. Reforma frå Stortingsmelding nr 15. (2017-2018) har fem ulike satsingsområder. Ein skal vidareføre gode pasientforløp og kvalitetssikre gode tenester, aktivitetar og fellesskap for eldre i kommunane.

Overordna skal reforma mellom anna bidra til at eldre får fleire gode leveår, kan meistre livet lengre og kan vere trygge på at ein får god helsehjelp når ein har behov for det. Sula kommune jobbar med å implementere denne reforma for å skape nettopp gode pasientforløp og eit aldersvennlig samfunn.

Rehabiliteringstenesta i kommunen har i samarbeid med helse – og omsorgstenesta i Sula, etablert gode førebyggjande og helsefremjande tenester. I dette innlegget set vi fokus på korleis kommunale tenester i Sula kan gi bistand til dei som har vore innlagt på sjukehus eller av ein grunn har fått eit redusert funksjonsnivå. To gode kandidatar har sagt seg villig til å kome med sine historier for å belyse gode pasientforløp.

Eksempel på gode pasientforløp i Sula kommune

Per Arne Molvær

Klikk for stort biletePer Arne Molvær vart i desember 2019 alvorleg sjuk, han svevde ei tid mellom liv og død, og trong hjelp til det meste. Etter snart seks månader på sjukehus kom han til rehabiliteringsavdelinga på Sulatunet. Han kunne då gå korte strekningar med rollator. Då han trente med fysioterapeut på sjukehuset sette han seg som hovudmål at han skulle komme seg opp på Sulafjellet til hausten. Fysioterapeuten der tykte dette var eit svært hårete mål og ba han utsette dette målet til neste vår, noko som gav Per Arne meir motivasjon til å stå på ekstra.

Då han kom til Sulatunet sette han seg fleire delmål han skulle nå før det store hovudmålet;

  1. Rundt lysløypa
  2. Langbakken før Bukkane bruse
  3. Bukkane bruse.
  4. Nissehuset
  5. Siste benken før Vonhytta.

Etter 17 dagar på Sulatunet, der han hadde trena både inne i treningssal med fysioterapeut, på avdeling med personalet og i gruppe ute på Tusenårsplassen, var Per Arne klar for å reise heim. Han kunne då gå eit lite stykke med stavar og brukte rollator, men var utrygg og redd for nye fall. Han søkte derfor på kvardagsrehabilitering for å kunne fortsette med trening i heimen og nærmiljøet.

Per Arne er i dag klar på at utan kvardagsrehabilitering ville alt ha stoppa opp i forhold til vidare trening. Han var redd både for å gå i trappa inne og å gå ute åleine. Gjennom kvardagsrehabilitering fikk han trygging ved å ha ein person med seg på turane ute. Dette var avgjerande for å kome i gang, seier han. Per Arne viste både pågangsmot og var svært motivert. I løpet av 4 veker var han både rundt Vassetvatnet, opp på Harhaugen, til langbakken og til siste benken før Vonhytta.

Den 19. oktober i år nådde han hovudmålet sitt som var å kome opp på hytta si på Sulafjellet. I dag trenar Per Arne fire gonger i veka, to gongar på Acto og minst to langturar med stavar. Per Arne har fått livet tilbake. Han har fått tilbake trua på seg sjølv, og til våren blir det nye turar på Sulafjellet.

Rehabiliteringsopphaldet på Sulatunet vart han anbefalt av ein kjenning då han låg på sjukehuset. Han er i dag glad for at han tok i mot dette tilbodet. Desse tenestene anbefaler han også andre å nytte seg av.

Kjellaug Hovden

Kjellaug Hovden pådro seg eit lårhalsbrot i oktober 2020. Etter operasjon på sjukehuset kom ho til Sulatunet for rehabilitering. Her vart ho passa godt på, det skapte tryggheit og med trening vart ho etter kvart fort sjølvhjelpt.

Kjellaug hadde som målsetting å kome heim, men då heimen ikkje var så godt tilrettelagt var det eit tema undervegs om dei burde søkje omsorgsbustad. Familien såg etter kvart at Kjellaug hadde god framgang. Dei ordna bustaden med betre tilkomst og samla alle nødvendig rom på ei flate. Kjellaug var fortsatt spent på korleis det ville gå når ho kom heim.

Ho søkte derfor på kvardagsrehabilitering før ho reiste heim frå Sulatunet. Målsettinga hennar var å gå til hovudvegen med rollator og å auke bevegelsen i eine skuldra. Ho fortel at kvardagsrehabiliteringa har hatt god effekt.  Øvelsane og oppgåvene i kvardagen vart lettare når ho vart sprekare. Ho var ikkje tung å be når vi kom, og la ned ein god innsats med eigentrening.

For Kjellaug og ektemannen betyr det mykje å kunne bu i eigen bustad. Her trives dei godt og her får dei bestemme over eigen kvardag. No er Kjellaug glad for at ho kan pynte til jul som ho alltid har gjort. Ektemannen Lars vart like godt med og trena saman med kona, han seier det er meir motiverande å trene når dei kan gjere det i lag. Kjellaug seier Lars har blitt som ein ny og sprekare mann. Ekteparet uttrykker at det var viktig for dei å få eit puff til  å kome seg meir i aktivitet. Utan kvardagsrehabiliteringa hadde dei blitt sittande meir i godstolen.

Dei har begge meldt seg på trimgruppa til rehabiliteringstenesta i januar og dei gler seg til våren så dei kan fortsette å gå turar i nærområdet. Ekteparet er opptatt av at vi må formidle til andre at slike førebyggjande tenester er viktige, for det kostar meir å behandle enn å førebyggje. Det har dei fått erfart.

Gode pasientforløp gir gode leveår og livsmeistring

Desse pasientforløpa er viktige for å bidra til at ein får fleire gode leveår, kan meistre livet lengre, få bu i eigen heim og ha tryggleik for god helsehjelp når ein har behov for det. Med  førebyggjande tiltak og eigeninnsats vil ein kunne gjenvinne dei aktivitetane ein tidlegare meistra og vedlikehalde fysisk og psykisk funksjon.

Tett tverrfagleg samarbeid mellom Sulatunet, heimetenestene, fastlegane og rehabiliteringstenesta er avgjerande for eit godt pasientforløp og gode tenester.

Kva er kvardagsrehabilitering?

Kvardagsrehabilitering er eit lavterskeltilbod til personar med eit redusert funksjonsnivå. Trening og tilrettelegging foregår i heimemiljøet. Personen sjølv set eigne mål for treningsforløpet som går over 4  veker.  Kvardagsrehabilitering er eit samarbeid mellom fysio- og ergoterapeutar i rehabiliteringstenesta og heimebasert omsorg.

Her kan du lese meir om tenesta, samt finne søknadskjema. 

Vi er glade for at vi, på tross av koronaen, fekk fleire med oss på kvardagsrehabilitering i 2020 enn året før. For mange har dette vore eit viktig sosialt tiltak, som betrar både den fysiske og psykiske helsa i ei utfordrande tid.

Vi i rehabiliteringstenesta gleder oss til oppstarten i det nye året og vi ønsker GODT NYTTÅR til alle innbyggjarane i Sula.