Livslyst - meistringskurs for vaksne etterlatte

"Livslyst " er eit meistringskurs for vaksne etterlatte som har mista ein nærståande. Kurset går over fire kveldar, og er ope for deltakarar frå heile Sunnmøre.

Oppstart onsdag 3. april. Kursplakat finn du ved å klikke her (PDF, 216 kB).

Kurset er utarbeidd av Kreftforeningen, og vert arrangert i eit samarbeid mellom pårørandekoordinatoren i Ålesund og kreftkoordinatorane i Ålesund og Sula. Tiltaket er støtta av Utviklingssenteret for hjemmetjenester i Møre og Romsdal. Kurset bygg på kognitiv læring, og gir nyttige verktøy for å meistre kvardagen når livet vert vanskeleg. Deltakarane får også høve til å utveksle erfaringar med andre som er i ein liknande situasjon.

"Jeg trodde det bare var meg som følte det slik..., så kom jeg hit og fant en trøst i det å møte andre". 

Oppstart: Onsdag 3. april kl. 16.30. Kurset går over 4 kveldar.
Stad: Ålesund rådhus, lavblokka, møterom 463 (same inngang som biblioteket).

Påmelding/informasjon: Kontakt pårørandekoordinator Merete Kløvning, tlf. 480 91 554 eller Kreftkoordinator Tanja Alme Tlf: 907 09 785