Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Lokalsamfunnet bidrar under koronakrisa

Ordføraren har sendt brev til bedrifter i Sula om dei har smittevernutstyr å avsjå no under koronakrisa. Slikt utstyr er for tida mangelvare over heile verda, og også her i Sula arbeider vi intenst for å skaffe nok utstyr. Og vi har fått respons! Ein privatperson har 3D-printa visir til oss, og i dag henta vi utstyr donert til oss frå Fiskerstrand Verft. Vi er svært takksame, og oppfordrar også andre til å ta kontakt om de har utstyr på lur.

Konkret ser vi at vi ikkje har tilstrekkeleg med munnbind, andedrettsvern klasse 2 eller 3, vernedrakter, vernebriller/visir, eingongshanskar (nitril eller latex, ikkje vinyl), hetter og skoovertrekk. Dei vanlege innkjøpskanalane våre er ikkje i stand til å levere oss alt utstyret vi treng, og vi er nødt til å tenkje nytt.

Det er derfor vi no vendar oss til deg. Om bedrifta di har slikt utstyr å avsjå, hadde vi sett stor pris på om de kunne donere eller selje det til oss i Sula kommune.

Ta kontakt med Jarl Anders Moe på telefonnummer 70 19 95 95, eller på e-post jarl.anders.moe@sula.kommune.no om du treng meir informasjon.