Sula kommune

Lokalt utbrot, korleis hindre smitte

Sula kommune har no eit lokalt smitteutbrot. Vi har stadfesta 5 smitta personar. Alle smittetilfella har kjent smitteveg frå smitteutbrotet ved sjukehusapoteket. 

I alt 27 nærkontakter er registrert og sett i karantene. Dei isolerte og karantenesette blir følgt opp av helsetenesta. Slik informerer vi om lokal smitte.

Dei mange lokale utbrota i landet siste vekene viser kor smittsamt Covid-19-viruset er. Derfor vil vi minne om at det vikitgaste kvar enkelt av oss no kan gjere er å begrense sosial kontakt til det nødvendige og lojalt følge opp smittevernråda, særleg avstandsregelen på 1m. Viruset smittar hovudsakleg via nærkontakt mellom mennesker. Ver snar å ta kontakt for testing, sjølv ved milde symptom.

Å bidra til å hindre spreiing av smitte er noko av det viktigaste vi kan gjere. Vi ber deg derfor tenke gjennom om du har behov for å møte opp fysisk, eller om saka di kan løysast på andre måtar, for eksempel. pr. telefon, internett , e-post eller chat.

Les meir om korleis du kan forhindre smitte på www.fhi.no eller på www.helsenorge.no

For å hindre spreiing av smitte kan kvar og ein av oss følgje nokre enkle råd: