Sula kommune

MoTo Leik –motorisk leik og læring i barnehagen

Gjennom utviklingsarbeidet To Fram har vi i kommunane i Sula og Giske sidan 2018 innført den nye rammeplanen for barnehagen, eitt av fagområda i rammeplanen er kropp, rørsle, mat og helse. Som ein del av dette arbeidet vil vi også kvalitetssikre det som skjer rundt den motoriske utviklinga til barna i barnehagane i Sula.

Systematisk fokus på motoriske ferdigheiter

Fysio- og ergoterapeutar i Sula har i samarbeid med Molvær barnehage og fysio- og ergoterapeutar i Giske, laga aktivitetskort med fokus på motoriske ferdigheiter. Dette blir som eit supplement til dei daglege aktivitetane barna gjer i dag.

Vi vil no sette dette inn i eit system der ein gjennom eit årshjul er innom alle dei ulike motoriske ferdigheitene. Dei ulike tema i årshjulet er med og legg grunnlaget for utvikling av ferdigheiter som skal gjere barna meir modne og klar for læring ved skulestart.

Kvifor er dette viktig?

  • Barna i Sula skal få det same gode grunnlaget uansett kva for ein barnehage dei går i.
  • Eit godt motorisk grunnlag er helsefremjande og førebyggande for barna si fysisk og psykiske helse. Grunnlaget for god helse leggast tidleg i livet.
  • Fleire og fleire barn har motoriske vanskar og tidleg innsats gjer at barna betre kan nytte seg av tiltaka og betre motorikken raskare.
  • Motorikk blir ikkje utvikla av seg sjølv, men vi må gjere ting mange gonger for at vi skal meistre ei fysisk oppgåve.
  • Aktivitet, bevegelsesglede og motorisk utvikling blir satt meir i struktur, der alle barn og alle typar bevegelse blir ivaretatt.
  • Auka kompetanse i barnehagane og kjelde til kreativ tenking omkring motorikk og bevegelse.
  • Sikre at anbefalingane for fysisk aktivitet frå Helsedirektoratet blir ivaretatt.
  • I eit folkehelseperspektiv er det viktig å tilpasse tilbodet i barnehagen etter utfordringane og behova i samfunnet.

Det viktigaste er bevegelsesglede og meistring- det vil seie at barn beveger seg fordi det er gøy å bevege seg, at dei opplev å få til nye ting. Dei skal trivast med aktiviteten og vere trygg på eigen kropp.

Pilotbarnehage

I januar starta vi arbeidet med å sette motorisk læring i system med Molvær barnehage som pilotbarnehage. Fysio- og ergoterapeutar har den første veka i kvar månad ein gjennomgang med tilsette og barn om månadens ferdigheit. Slik vil dei kvar månad framover ha fokus på ulike motoriske ferdigheiter gjennom leik og den daglege aktiviteten på barnehagen. Vi håpar at dette bidrar til auka fokus på desse aktivitetane i heimane også. Jo meir repetisjon, jo betre læring og utvikling!