Sula kommune

Ny interkommunal barnevernvakt

Frå og med 04.12.19 er Sula kommune med i ei ny interkommunal barnevernvakt. 

Ålesund kommune er vertskommune for ordninga og dei tilsette jobbar berre på barnevernvakta. Dei tilsette er, frå venstre i bildet; Siw Kristin Tønnesen, Janne Giske Myklebust, Synnøve Solevågseide, Trine Rætta, Kristin Aune og Eli Anne Brautehaug.

Barnevernvakta er bemanna kveld, helg og natt i perioden 04. - 20.12.19 og heile døgnet frå  og med 20.12.19. Dei er å treffe på telefon 915 76 020.

Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar i akutt krise. Barnevernvakta skal i hovudsak gi råd og rettleiing på telefon.  Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å rykke ut for å bistå meir aktivt i situasjonar.