Sula kommune

Nye og strengare nasjonale smitteverntiltak frå og med 04.01.21

Regjeringa kom i dag med nye og strengare koronatiltak.

Sula kommune vil inntil vidare følge dei nasjonale råda, dei finn du her. 

Sjølv om smittetala har vore aukande også i vår region, tilseier smittesituasjonen lokalt i Sula kommune ikkje behov for forsterka tiltak no. Det betyr at det er berre ungdomsskulen som går over til rødt nivå fom 04.02.21 . (PDF, 139 kB) Måndag 04.01.21 blir det heimeskule for alle elevar ved Sula ungdomsskule. Det blir informasjonsmøte på Teams 11:30, elevane vil då få informasjon om korleis undervisninga vil bli organisert dei neste vekene.

Fritidsaktivitetar

Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs, er anbefalt utsett til etter 18. januar. Det gjeld også alle aktivitetar innandørs som samlar barn og unge på tvers av klasser/ kohorter.

Elevar i barneskulen og i barnehagen kan treffast innan sin kohort også på fritida, vi oppmodar likevel til at de begrensar slikt samver. Elevar i ungdomsskulen skal ikkje ha omgang med andre på fritida.  

Trafikklysmodellen for barnehagar og skular

Frå og med 04.01.21 er Sula ungdomsskule på raudt nivå, barnhagar og barneskulane er framleis på gult nivå.