Sula kommune

Nye smittetilfelle i dag

Sula kommune har i dag formiddag fått meldt 2 nye positive personar. Begge tilfella kan sporast attende til «Apotekutbrotet» ved Ålesund sjukehus.

Den eine personen var nærkontakt og sat i karantene då personen utvikla symptom. Vedkomande er no isolert.

Den andre personen som testa positivt, er ein tilfeldig person som deltok i gudstenesta på Sula Frikyrkje søndag 04.10.20 der 170 personar var til stades. Den smitta var ikkje definert som nærkontakt og var følgeleg ikkje karantenesatt

Alle som tok del i gudstenesta vert no kalla inn til testing fortløpande. Vi tek sikte på å teste alle i dag. Alle som vert testa vert sett i karantene inntil testresultat ligg føre. I samråd med Sula Frikyrkje er all aktivitet avlyst inntil vidare.

Vi minner om viktigheten av at alle som utviklar symptom på sjukdom tek kontakt for testing. Dette er særs viktig under eit pågåande smitteutbrot.