Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Nytt smittetilfelle

Nytt barn har testa positivt på Covid-19.

Sula kommune fekk 10. juni melding om at eit nytt barn har testa positivt på Covid-19.  Smittevegane er kjende. Barnet har vore i karantene, men karantenetida var ute då kommunen fekk testresultatet. På grunn av sjukdom har barnet likevel ikkje vore i barnehage sidan før karantenetida. Barnet opplevde magesymptom og  hadde ikkje dei klassiske luftvegssymptoma som er mest vanlege ved koronasmitte. Som følgje av det nye smittetilfellet er 13 nye personar sett i karantene og har blitt eller vil bli testa for covid-19. Dette er i samsvar med dei nye smittevernreglane.

Kommuneoverlegen presiserer at det er viktig at alle som blir sjuk i karantenetida ta kontakt med helsevesenet, også om ein ikkje har dei klassiske luftvegssymptoma. Ikkje alle blir sjuk på same måte, derfor er det viktig å forholde seg strengt til karantenereglane og vere snar med å ta kontakt med helsevesenet om ein føler seg sjuk.

Du kan lese meir om korleis vi handterer koronasmitte i Sula kommune her.